NRK Meny
Normal

Åtvarar mot farleg glatte vegar i helga

Det venta vêromslaget i helga kan gje spinnglatte vegar over heile Vestlandet. – Køyr forsiktig, oppmodar Statens vegvesen.

Glatt veg på riksveg 5

GLATT VEG: Vêrmeldinga varslar omslag til mildvêr. Etter ein langvarig kuldeperiode kan dette bety vanskelege køyreforhold over heile Vestlandet.

Foto: NRK-tipsar

Mange kuldegrader blir avløyst av regn og plussgrader frå og med i dag. Når regn fell på frosen bakke blir godt vinterføre gjort om til farleg glatte vegar.

Åtvaringa gjeld Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Det blir store lokale skilnader.

– Det kan bli ganske så polert. Når du skal ut bør du vurdere forholda nøye, og om du kan utsetje reisa, seier vaktoperatør Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Heile helga

Problemet er at det er lagra mykje kulde i bakken. Det fortel Tore Bergundhaugen ved trafikksikkerheitsseksjonen i Statens vegvesen. Det glatte føret kan vare heile helga.

– I sør og nærast kysten seier vêrvarsla sludd og regn, litt lengre innover i landet seier varsla snø som går over til sludd og regn etter kvart, seier Bergundhaugen i ei pressemelding.

Mykje snø

VÊRTRØBBEL: Snøen skapte vanskar då den kom. Mindre vanskar blir det ikkje når det no skal komme regn.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Vår oppmoding til trafikantane er: Køyr forsiktig og hugs at det kan vere glatt sjølv om det er regn og plussgrader, seier Bergundhaugen.

Størst fare i natt

Vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Jørgen Grønneberg, seier vêrskiftet allereie er godt i gang.

Glatte vegar i låglandet blir det frå i kveld og ut på dagen laurdag.

– I ytre strok er det allereie fire til seks plussgrader, og dette vil forplante seg austover i løpet av morgondagen. Snøgrensa vil laurdag krype opp til 400–600 meter, seier han og ventar mellom to til seks varmegrader i innlandet.

Meir trøbbel i by'n

Varselet kjem ei veke etter at vêret sist førte til kaotiske tilstandar i Bergen. Kraftig snøfall sette stoggar for trafikken på fleire vegar i og rundt Bergen.

Til slutt oppmoda politiet bilførarar om å la bilane stå i bergensområdet.

Gå til forsiden

Snøkaos i Bergen 15. januar 2016

Tre trailere med problem i Vallaheiane

Snøkaos i Bergen 15. januar 2016

17 bilder

    Og i Sogn og Fjordane fekk veka ein snørik start, med mellom 30 og 40 centimeter snø natt til måndag.

    Følgjer situasjonen

    Situasjonen er utfordrande for entreprenørane. Stadheim seier at Vegvesenet følgjer nøye med på situasjonen. Der temperaturen tillèt det, er saltinga allereie i gang.

    Men når regnet kjem kan det fort vaske velt saltet. Då kan vegane igjen fryse til.

    – Vi prøver å salte vekk solen, men då kan det ikkje vere for mange kuldegrader. I indre strok er det framleis så pass kaldt at saltet ikkje biter på, seier han.

    Våt måndag

    Ved Meteorologisk institutt seier Grønneberg at det måndag blir temperaturtopp og snøgrense på kring 800 meter.

    – Måndag blir det lokalt mykje nedbør, med 40–60 millimeter i ytre og midtre strok. Noko mindre i innlandet, seier Grønneberg.

    Utover veka vil temperaturane gå ned, og snøgrensa ligge på 200 – 600 meter.

    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser