Hopp til innhold

Åtvarar mot falske telefonseljarar

Fleire personar i Årdal og Gulen har den siste tida vorte forsøkt svindla.

Sogningane har vorte oppringde av personar frå Norsk Omsorgsforbund, som ber om pengar til støtteforeininga til kreftsjuke born.

Men ifølgje politiet er dette svindel, då det finst ikkje noko som heiter Norsk Omsorgsforbund. Politiet åtvarar folk mot å gi oppringarane pengar.