Hopp til innhold

Åtvarar mot brannfare over heile fylket

Lite snø kombinert med kaldt vêr og vind fører til stor brannfare i fylket. Terje Brandsøy, som er dagleg leiar ved Alarmsentralen i fylket ber no folk vere forsiktige med open eld.

Terje Brandsøy Alarmsentralen

STOR BRANNFARE: Terje Brandsøy, som er dagleg leiar ved Alarmsentralen i fylket ber no folk vere forsiktige med open eld

Foto: Sogn og Fjordane / NRK

– Vi skal prise oss lukkelege over at vi har fått fint vêr, men kulden kombinert med vind gjer at det blir svært tørt, seier Brandsøy.

Vi har no fått ein periode med kaldt og tørt vêr, og den vêrtypen ser ut til å halde seg ei stund framover. Brandsøy seier det no er generelt stor brannfare i heile fylket.

– Det er finvêr i heile fylket, og sjølv på kysten er det minusgrader. Det er og mykje rotegras som tørkar fort ut og som kan gjere til at ein brann kan spreie seg fort, dersom det først tar fyr.

Bruk hovudet

– Sjølv om det ikkje er forbod mot bålbrenning, så bør folk no tenke seg godt om før dei tenner opp.

Mange stader blir det ikkje lenger slått, og langt tørt gras er ein dårleg kombinasjon med open eld. Brandsøy ber folk, som er i tvil om det er trygt å brenne bål, om ta kontakt med det lokale brannvesenet.

– Etter kvar vil og dei lokale brannverna legge ut på heimesidene til kommunane om det blir innført forbod mot bålbrenning.

Vinter og frost

TØRT OG KALDT: Lite snø kombinert med langt tørt gras fører til auka brannfare.

Foto: Jan Christian Jerving

Samanliknar med tilhøva før Lærdalsbrannen

– Viss vi ser tilbake til Lærdalsbrannen i 2014 så var det på denne tida av året. Og no har vi eit tilsvarande vêr med ein lang kulde- og tørkeperiode og kraftig austavind.

Fylket vårt unngjekk denne gongen nyttårsbrannar på grunn av fyrverkeri, men situasjonen kunne fort ha vore annleis seier Brandsøy.

– Vi var heldige her i Sogn og Fjordane. Du skal ikkje lenger enn opp på Møre, der det var uttalt til 110-sentralen der at nærast var ein grasbrann i kvar kommune. Det hadde ikkje vore noko hyggeleg oppleving om vi skulle fått noko tilsvarande i vårt fylke, seier Brandsøy.