NRK Meny
Normal

Har sendt ut obs-varsel: Åtvarar mot stor fare for brann i skog og mark

Meteorologisk institutt går tysdag kveld ut med åtvaring om høg fare for gras-, lyng og skogbrann på Vestlandet til det kjem nedbør. Men det kan vere mange dagar til.

Brann på Stord

BRANN PÅ STORD: Brannvesenet har no kontroll over lyngbrannen på Stord tidlegare i dag.

Foto: Per Egil Larsen

Det nydelege vårvêret på Vestlandet har fått smilet og sommarkleda fram hos dei fleste no i påsken. Men alt har ei bakside, også blå himmel og høge temperaturar.

– Vi har fått tilbakemeldingar om at det er veldig tørt no i terrenget på Vestlandet. Det er mykje tørr vegetasjon, og vi ser jo også at det har vore brannar både i Møre og Romsdal og i Hordaland i dag, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.no.

Fagerlid peikar på at langtidsvarselet syner at det knusktørre finvêret vil halde fram i heile Sør-Norge i mange dagar til, og at det er årsaka til at Meteorologisk institutt no har sendt ut obs-varsel for brannfare i skog og mark.

Ventar høge temperaturar

– Vi får høge temperaturar på dagtid i mange dagar heilt til over neste helg, og på det grunnlaget så bestemte vi for å sende ut obs-varsel. Vi forventar dagtemperaturar over 15 grader nesten kvar einaste dag, og milde netter, opplyser meteorologen.

I tillegg vil det trekkje litt meir frå aust no enn det har gjort dei siste dagane.

– Det er ikkje snakk om den store vindstyrken, men det er nok til at om det først byrjar å brenne så kan det vere ugunstig med tanke på brann.

Åtvarar mot grilling i det fri

Statsmeteorologen åtvarar no på det sterkaste mot at folk fyrer opp noko som helst ute i terrenget, til det er brannfaren no alt for høg.

– Det er jo slik etter ein lang vinter så har folk gjerne lyst å grille, og gjerne då ute i naturen. Vi ber folk vere obs på brannfaren og at ein tenkjer seg om før ein tenner opp eld i naturen. Det kan fort utvikleg seg til ein skummel brann, slår Fagerlid fast.

Frå 15. april er det uansett forbode med all åpen eld i det fri.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.