Hopp til innhold

Åtvarar mot betydeleg snøskredfare

Dei næraste dagane vil det vere betydeleg rasfare i Sogn og Fjordane. Det er framleis mogleg å spenne på seg skia, seier NVE, men berre dersom ein veit kor det er trygt.

Brigt Samdal regionsjef NVE

ÅTVARAR: Regionsjef i NVE, Brigt Samdal, seier det er greitt å gå på tur, men berre dersom ein unngår bratte terreng og har kunnskap til å vite kor det er fare for å utløyse skred.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Seinast måndag føremiddag gjekk det fire mindre snøras på fylkesveg 664 mellom Otterdal og Hornindal. Ryddemannskap har mellombels utsett ryddinga medan dei vurderer faren for nye ras.

Ifølgje NVE er det høg risiko for at det kan kome fleire snøras i fylket dei næraste dagane.

Stigande temperatur skapar meir fare

– Det er fleire plassar som ein må verkeleg må passe på. I Fjordane har vi kategori 3 som er betydeleg fare, fortel regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

Mildvêret som no er i emning har stor del av skulda for den auka snøskredfaren.

– Det som no skjer er at vi har fått mykje nysnø og det har vore snøfokk oppe i fjellet, men det som kjem no er denne stigande temperaturen. Då får vi ei svekking i nokre snølag som er nede i snøpakken og vi får regn etter kvart. Desse tinga gjer at vi har ustabile snøpakkar som gjer at snøskreda lett kan komme, både utløyst av ein skiløpar eller ein snøskuter, men også naturleg, fortel Samdal.

Sogn har i dag faregrad 2, men frå i morgon går også dette området opp til kategori 3.

– Vi går i møte med nokre dagar med høg, altså betydeleg snøskredfare. Mykje tyder på at faregrad tre vil halde fram, men dette får vi oppdaterte varsel på utover dagen. Seinare i dag veit vi korleis det vil vere for nyttårsaftan, seier Samdal.

– Går flest liv i kategori 3

Ifølgje regionsjefen viser det seg statistisk at det er denne kategorien det går flest liv i. Årsaka kan vere at folk trur det er tryggare å ferdast i fjellet enn det eigentleg er, og at dei ikkje har nok kunnskap.

– Mykje av grunnen er vel at det ofte kan vere fint vêr når ein har faregrad 3. Det gjer at det kan vere kjekt å gå på tur, og det er flott dersom ein har den kunnskapen som trengst, og ein gjer dei trasevala som er naudsynte for å unngå dette, seier han.

Samdal fortel om store snømengder rundt om i fylket. Mange stader har passert halvannan meter og endå høgare enn det, ifølgje regionsjefen.

– Det er betydeleg med snø i enkelte område som då kan medføre at mykje snø kan bli utløyst.

– Unngå bratte terreng

Det er hovudsakleg snøskreda som vil vere eit problem. NVE fryktar ikkje problematikk knytt til vassmengder eller is.

Ifølgje Samdal er det spesielt bratte terreng med høgare enn 30 grader som no er farlege å gå i.

– Men det finnast område å gå i, og dei som er lokalkjende og har god kjennskap om dette veit å finne trasear som også er trygge i dag.

Per i dag er snøfaren stort sett lenger opp i høgda. I lågareliggande område er faren lågare.

– Spesielt frå 500 meter og høgare vil det vere betydeleg større risiko, seier Samdal.