Hopp til innhold

Åtvarar mot advokathjelp

Pasientombod Ove Mjåtveit i Sogn og Fjordane åtvarar folk mot å bruke advokat i pasientskadesaker.

Årsaka er at mange advokatar stikk av med mykje av erstatningsbesløpet.

- Nyleg fekk ein pasient erstatning på 40 000 kroner, og så tok advokaten 20 000. Pasienten ville fått erstatning også utan advokat, seier Mjåtveit.

I Norsk Advokatforeining er dei derimot usamde. Dei viser blant anna til bruk av advokat kan føre til medhald i saker som ellers kunne fått avslag.