Hopp til innhold

Åtvarar mot å love ungdomar læreplass

Nedgangstider i næringslivet gjer det vanskelegare for ungdom under utdanning å bli lærlingar. I fjor mangla 30 prosent av yrkesskuleelevane i fylket læreplass.

Bjørn Andreas Bendiksen

MANGLAR LÆREPLASS: Dei som har gått VG3 kan ha vanskelegare for å få jobb enn dei som har vore lærling. Her er Bjørn Andreas Bendiksen på Mo og Øyrane vidaregåande i sving.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Jan Atle Stang (NHO)

VANSKELEGE TIDER: NHO-regiondirektør, Jan Atle Stang.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er klart at når bedrifter må permittere og seie opp faste tilsette så får det konsekvensar for inntaket av lærlingar, seier Jan Atle Stang, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane.

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 174 elevar i fylket stod utan læreplass i 2015. Det er 30 prosent av alle yrkesskuleelevane i fylket. Det stemmer godt med tala på landsbasis.

Må vere tydelege

Stang meiner at ein må vere tydeleg overfor elevane på at det er vanskeleg å få læreplass.

– Det er lite smart å, i hermeteikn, lure unge folk til å tru at dei tar ei utdanning der dei kan få læreplass og arbeid, når det kanskje ikkje er tilfelle, seier Stang.

(Artikkelen held fram under)

SJÅ VIDEO: VG3-elevar på Mo og Øyrane vidaregåande ønskjer at bedriftene satsar meir på dei. Frå venstre: William Hjertenes, Tobias Solheim Skåre, Marius Holvik, Bjørn Andreas Bendiksen og Lærar Ola Solheim.

Ved Teknikk og industriell produksjon på Mo og Øyrane blir det jobba kontinuerleg med å tilpasse tilbod og etterspørsel. Temaleiar for lærlingane i fylkeskommunen, Sissel Brusegård, vil ikkje kommentera åtvaringa frå Stang.

– Talet på dei som manglar læreplass varierer. Etter å ha søkt læreplass kan enkelte ha skifta meining, og tatt imot andre jobb- eller skuletilbod. Andre er ikkje villige til å flytte på seg om dei får tilbod om læreplass ein anna stad, seier Brusegård.

Meiner bedriftene må satse

VG3-Elevane på Mo og Øyrane synest det er trasig at dei ikkje får læreplass.

– Bedriftene må prøve å satse litt meir på lærlingar, og ikkje berre forvente å få folk som allereie er ferdig utdanna, seier elev William Hjertenes.

Ifølgje NHO har Kunnskapsministeren invitert partane i arbeidslivet til å lage ei NY Samfunnskontrakt for fleire lærebedrifter. Denne vil vere klar i løpet av våren 2016

Dei som har gått VG3 kan ha vanskelegare for å få jobb enn dei som har vore lærling.

– Verksemdene vil helst ha folk med arbeidserfaring, og når dei ser at vi har gått eit tredje år på skulen i staden for å vere lærlingar, så ser det kanskje ikkje så bra ut, seier elev Sandra Madsen.

TIP-elevar Sandra Madsen og William Hjertenes

VANSKELEG Å FÅ JOBB: VG3-elevane Sandra Madsen og William Hjertenes seier det er vanskeleg å få jobb.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK