Hopp til innhold

Ventetid på fire til seks timar på å komme over Hemsedalsfjellet

Reisande som skal over Hemsedalsfjellet bør bu seg på ein god del ventetid. I 21-tida er Filefjell einaste fjellovergang med fri ferdsle.

Kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet

KOLONNE: Reisande blir oppmoda om å vurdere kor naudsynt det er å køyre fjellovergangane i dag. – Må ein over, så er Filefjell det beste valet, seier vaktoperatør Ketil Molvær.

Foto: NRK-tipsar

– Det er fire til seks timar ventetid på Hemsedalsfjellet, seier vaktoperatør Arne Stadheim til NRK.

Uvêret herjar på fjellovergangane, noko som byr på problem for vegfarande. På austsida av Hemsedalsfjellet er vegbommen flytta frå Bjøberg til under Storeskar.

– Det er for at bilistane skal stå meir i ly. Det er lange køar, og med to timar kvar veg for puljar på 25 bilar, så blir det noko ventetid, seier Stadheim.

Ein open fjellovergang

Bilistar som absolutt måtte over fjellet i kveld, vart tidlegare på fredagen oppmoda om å gjere dette mellom klokka 20 og 22. Vinden var venta å roe seg noko i dette tidspunktet, men like over klokka 20 kom meldinga om at også Hemsedalsfjellet kunne bli stengt på kort varsel.

I skrivande stund er det kolonnekøyring over Strynefjellet og Haukeli, samt at Vikafjellet, Aurland – Hol og Årdal – Tyin er stengde. Dei tre siste overgangane opnar ikkje att i dag.

Ketil Molvær

ÅTVARAR: Ketil Molvær er vaktoperatør hos Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Foto: Privat

– Det er nok dårleg vêr i fjellet, vedgjekk vaktoperatør Ketil Molvær då NRK snakka med Vegtrafikksentralen tidlegare i ettermiddag.

Kraftig vind og nedbør

Det er varsla storm og mykje snø, noko som kan lamme trafikken mellom aust og vest. Statsmeteorolog Trond Torsteinson seier sterk vind vil prege fjellheimen og kysten av vestlandet det neste vel halve døgnet.

Rådet hans er å vente til laurdag med å reise over fjellet.

– Det er vestleg sterk kuling, periodevis liten storm utsette stader, seier han og legg til at nedbøren vil komme i form av hagl og regn i låglandet, samt som snø over 200–400 meter. Det er også fare for tore.

– Bør ha erfaring

Dette er prognosar som vegfarande bør bite seg merke i dersom ein skal frå aust til vest, eller vest til aust. Og køyrer fjellovergangane i Indre Sogn.

– Det er redusert sikt på Filefjell, som er den beste overgangen. I slikt vêr vil eg påstå at ein bør ha litt erfaring, legg han til.

– Mykje isnedfall

Det er ikkje berre i fjellet at bilistar bør vere på vakt. I låglandet har kalde dagar gjort at isen kan ligge tjukk i skjeringane. Med mildvêret som har vore siste tida, har isen brotna og rasa ned i vegbana.

– Det er veldig mykje isnedfall, så folk bør ta det med ro, seier Molvær.

Kaldare og mindre vind

Natt til laurdag er vinden venta å minke og dreie over på nordvest. Med nordvest liten kuling på kysten, blir det også kaldare. Utover laurdagen vil vinden venteleg roe seg også i fjellet.

Om ein absolutt ikkje må reise i dag, meiner Torsteinson at reisande like greitt kan vente til laurdag eller søndag med å leggje ut på reisa si.

– Ein får nok ein behagelegare tur då, vil eg tru, seier han.