Hopp til innhold

Åtvarar mot å innføre forbod mot nydyrking av myr

Sogn og Fjordane Bondelag åtvarar mot å innføre forbod mot nydyrking av myr. Regjeringa føreslår nemleg å forby nydyrking av myrjord til matproduksjon.

Anders Felde

VIL HA LOV TIL Å DYRKE MYR: Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Målet er å redusere klimagassutsleppa.

– Vi må hugse at myr utgjer ein viktig del av nydyrkingsreserven vår, seier Anders Felde, som er fylkesleiar i bondelaget.

Ein gjennomgang Bondelaget har gjort syner at sju kommunar i Sogn og Fjordane har åtvara regjeringa mot å innføre eit forbod mot nydyrking av myr. Likevel har regjeringa føreslått eit slikt forbod og meiner at forbodet ikkje vil få konsekvensar av betyding for matproduksjon og næringsutvikling i fylket.

– Det vil føre til at ein i enkelte område vil produsere mindre mat enn ein gjer i dag. Til dømes på kysten, som har prosentvis meir myrjord enn andre deler av landet, der vil ein ikkje kunne produsere like mykje som ein gjer i dag, seier Felde.

Matberedskap

Bondelaget meiner myrjorda er viktig for matberedskapen, og syner til turkesommaren vi hadde i fjor. Då kunne mange turkeramma bønder berga seg ved å dyrke gras på myrjorda.

– Då gav myra, som har god evne til halde på vatn, store avlingar trass i turken, seier Felde.

Set si lit til KrF

No festar han sin lit til at Kristelig Folkeparti vil rydde opp og viser til at landbrukspolitisk talsmann i partiet, Steinar Reiten, saman med Ap og Sp har vore skeptisk til eit totalforbod mot nydyrking av myr og peikt på behovet for å greie ut alternativ.

– Eg tykker dette forslaget luktar av symbolpolitikk i forhold til dei store utfordringane som gjeld klima, seier Felde.

Lovforslaget til regjeringa er no ute til høyring.

– Eg håpar vi skal greie å stogge dette, og forventar at KrF vil parkere denne saka i løpet av regjeringsforhandlingane, seier Felde.