Hopp til innhold

Åtvarar mot å ferdast med båt på Hornindalsvatnet

Store mengder tømmer flyt rundt på Hornindalsvatnet etter det store skredet som gjekk i Skredestranda mellom Eid og Stryn. Ordføraren i Hornindal åtvarar båtførarar mot å ferdast på vatnet.

Hornindalsvatnet er fullt av tømmer frå ras i Skredestranda.

STORE MENGDER TØMMER: Trestokkane som flyt rundt i Hornindalsvatnet er blitt kvista og kappa av raset i Skredestranda.

Foto: Anne Britt Øen Nygård

– Det kan vere farleg å ferdast med båt på vatnet. Etter skredet som kom ned i Skredestranda, har det kome store mengder drivtømmer til Hornindal. No ligg det langs vasskanten i store delar av sentrumsområdet. Vi er usikre på om alt har drive inn her, eller om det er meir ute på vatnet, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård.

Raset som kom ned i Skredestranda gjorde at 300 meter med veg er dekt av stein, jordmassar, tre og rotvelter. Vegen blir stengt heile komande veke.

Dei store tømmerstokkane som ligg i Hornindalsvatnet gjer også at ordføraren er usikker på om båttransporten til Otterdal på måndag kan gå som planlagt.

– Vi må vurdere kva som er tryggast, om det er på land eller vatnet. Er det stilt og fint, så kan vi bruke båt, men er det vind, så er det farleg å bruke båt.

Stort oppryddingsarbeid føre seg

Ho seier at det også kan vere mykje smårusk i vatnet, og alt kan lett skade propellar. Ifølgje Nygård er det ikkje så mange som ferdast på vatnet, men det er viktig at dei det gjeld er klar over faren.

– Så langt har vi ikkje høyrt om nokon som har fått problem, men det blir tidleg mørkt og folk bør ikkje vere ute på vatnet.

Arbeidet med å få alt tømmeret opp av vatnet har allereie starta, men ordføraren trur det vil ta tid å få alt opp.

– Vi brukar kran og lesse opp på ein lastebil, men det er mykje, så det er ikkje gjort i ein fei. Heldigvis stod vatnet høgt då vi starta, slik at det var lett å få tak i tømmeret, seier Nygård.