Hopp til innhold

Åtvarar mot "phishing"

For to veker sidan svara Kari Malmanger frå Sogndal på ein e-post ho trudde var i frå selskapet ho har e-postkonto hjå. Det skulle ho ikkje ha gjort...

Internett (Illustrasjon)
Foto: Mai Tove Hansen / NRK

I e-posten vart ho varsla om at Yahoo ville sletta mange gamle kontoar og oppmoda om å sende svar med brukarnamn, passord og fødselsdato dersom ho ville behalda kontoen sin.

Prøvde å svindle

Malmanger angrar i dag på at ho følgde oppmodinga i e-posten. For det viste seg at det var svindlarar ho forsynte med opplysningane om henne sjølv og det var hennar kontaktar som no vart forsøkt svindla.

- Det tok litt tid så byrja vener å ringe. Dei hadde fått ein merkeleg e-post på engelsk om at eg var på handletur i England, at eg hadde mista lommeboka og sat på hotell og ikkje fekk gjort opp for meg. Dei vart bedne om å senda 1.500 dollar til hotell i London, fortel Malmanger.

Følte seg medskuldig

Då Malmanger prøvde å logga seg inn på e-posten sin, var passordet endra slik at ho ikkje vekk tilgang til posten, avtalar og kontaktar ho hadde arkivert. Heldigvis skjønte venene hennar at det var tale om svindel, men Malmanger tykkjer det er kjedeleg å tenkja på at det var hennar epostadresse som vart brukt til svindelforsøket.

- Eg følte det som om eg hadde vore med på det, seier ho.

- Bruk nettvet

Elisabeth Sørbøe Aarsæther i Post- og Teletilsynet seier at fenomenet er kjent og vert kalla "phishing", som spelar på det engelske ordet "fishing" - å fiske. Dei som driv med dette sender ut falske e-postar eller lagar kopiar av nettsider.

Frå desse sender dei ut meldingar for å få folk til å gje frå seg privat informasjon som brukarnamn, passord og kontonummer. Sørbøe Aarsæther oppmodar folk om å bruka nettvet.