NRK Meny
Normal

Fryktar at privat snømåking vil skape problem for utrykningskøyretøy og skuleborn

FØRDE (NRK): No blir private grunneigarar åtvara mot å måke snø frå eigen grunn ut på kommunale vegar og fortau. Konsekvensen kan bli at skuleungar må gå i vegbana og at utrykkingskøyretøy ikkje kjem seg fram, meiner teknisk sjef.

Bernhard Øberg

MYKJE SNØ: Teknisk sjef i Førde kommune, Bernhard Øberg, ber folk tenkje seg om før dei måkar snø ut i vegbana.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bernhard Øberg er både brannsjef og teknisk sjef i Førde kommune. Kvar dag ser han feilparkerte bilar, og stadig får han meldingar om at private måkar snøen sin ut i vegen.

– Med tanke på brannbil så bør den ha tre meter vegbreidde og om du går ned mot to og ein halv, så ryk det fort ein spegel på den feilparkerte bilen eller brannbilen. Brannbilane er jo såpass tunge at må vi, så ryddar vi oss plass.

– For det viktigaste er å få utrykkingskøyretøyet fram?

– Ja, det er ingen tvil om det. Eg ville ikkje vore i skoa til den som har parkert på ein slik måte at han er til hinder for brannbilen eller andre utrykkingskøyretøy.

Seinast måndag førte lynnedslag til brannutrykking til Vieåsen i Førde, og dei store brannbilane fekk problem med å ta seg fram på smale vegar.

– Huseigar har ansvaret

Folk som bur tett i bustadfelt må syne ansvar saman med kommunen for å halde vegane framkommelege. Ikkje måk din eigen snø ut i vegen og på fortaua, slår Bernhard Øberg i Førde kommune fast.

– Det kan føre til trafikkfarlege situasjonar for fotgjengarar og andre. Skuleborn og andre må då gå lenger ut i vegen for å kome seg fram.

– Men kven sitt ansvar er dette?

– Det er vel prøvd i rettssystemet at det er huseigar som må ta vare på eigen snø, for å seie det slik, og ikkje skuffe den over på kommunen eller naboen, seier Øberg.

Brukar alt tilgjengeleg mannskap

NRK har vore i kontakt med fleire kommunar i dag som melder om dei same utfordringane. Tenesteleiar for kommunalteknikk i Sogndal, Kristian Losnegard Karlsen, slår fast at det må vere eit samspel mellom grunneigarar og kommunen.

–Vi gjer det vi må for å yte best mogleg teneste, så håpar vi at folk ikkje legg snøen frå private innkøyringar ut i vegbana, sjølv der det er høge brøytekantar. Det skapar ekstra utfordringar for oss med tanke for det å få køyrd vekk snøen og det å oppretthalde ein så brei veg som mogleg, seier Karlsen.