Hopp til innhold

Åtvarar fotturistane mot flaumfaren

Ordførar Noralv Distad ber folk som har tenkt å gå tur i Aurlandsdalen om å vere forsiktige.

Noralv Distad

ÅTVARAR: Vassføringa i Aurlandselva aukar og ordførar Noralv Distad ber folk søke råd før dei legg ut på tur i dalen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Flaumvarselet for Sogn og Fjordane er oppgradert frå gult til oransje nivå, det nest høgaste på NVE sin skala. I Aurland følgjer kommunen situasjonen tett og ordføraren ønskjer no å åtvare fotturistane.

– Det er viktig at dei som skal gå nedover dalen snakkar med fjellstova eller turisthytta på Østerbø, slik at dei får gode råd og oppdatert informasjon om korleis stoda er, seier han.

Den auka vassføringa kan gjere at elva fløymer over, noko folk med telt må vere spesielt merksame på.

– Folk som skal setje opp telt må ikkje gjere det nær elva, men halda god avstand og unngå flate sletter ved sidan av elva. For vatnet kan fort stige ytterlegare, seier Distad.

Samstundes er fleire av sideelvane i dalen byrja å vekse seg store.

– Det vil av og til vere krevjande å komme forbi, seier Distad.

Ordføraren meiner likevel det er trygt å gå viss ein brukar sunn fornuft. Samstundes oppmodar han folk om å unngå dei mest utsette plassane.

– Det er mange gode alternative ruter. Så søk gode råd før du startar turen, så kan ein ha flotte turar i Aurlandsdalen. Men ikkje ta nokon sjansar, er oppfordringa til Distad.