Hopp til innhold

Åtvarar mot 10 meter høge bølgjer laurdag: – Ikkje gå i sjøkanten for å sjå på uvêret

Meteorologane åtvarar no folk på det sterkaste om å gå i sjøkanten for å sjå på stormen som slår inn over Vestlandet laurdag. Dei fryktar at folk kan bli tekne av bølgjene.

Høye bølger og storm på Andøya

VIL GÅ HØGT: Bølgjene kan kome opp i 10–11 meter laurdag. Folk blir åtvara mot å gå i sjøkanten.

Foto: Anette Jensen

Det har dei siste åra vore fleire ulukker der folk har blitt skylt på havet og drukna fordi dei ville ta storm og uvêr nærare i augesyn.

– Det er venta høge bølgjer inn mot kysten av Vestlandet i morgon. Det er snakk om ei bølgjehøgd på 10–11 meter, og ein bør ikkje gå ned i sjøkanten for å sjå på uvêret. Det kan vere svært farleg, seier statsmeteorolog Frode Hassel til NRK.

– Det blir mykje vêr

Vêrvarslinga på Vestlandet har førebels ikkje send ut ekstremvarsel, men at det blir vått og svært vindfullt laurdag er det ingen tvil om.

– Alt i kveld byrjar det å dra på frå sør når lågtrykket nærmar seg. Det kjem inn nord for Stad i morgon tidleg og føremiddag. Det blir ein auke frå i natt frå sør. Det er snakk om ein liten storm på kysten, kanskje full storm. Så frå i morgon tidleg slår vinden over på sørvest og vestleg, då kan det opp i full storm, kanskje sterk storm. Det blir mykje vêr, slår Hassel fast.

Regn, hagl og torden

Lågtrykket som treff Vestlandet fredag vil treffe lenger sør, truleg i området kring Boknafjorden i Rogaland. Men det er laurdagen som blir den verste dagen, ikkje minst i Sogn og Fjordane og områda nord for Stad.

– Nedbøren som kjem i natt vil gå over til bygevêr i morgon. Det er snakk om regn- og haglebyger, og snø i høgda og fare for torden. Så det blir full pakke med skikkeleg uvêr. Den sterkaste vinden kjem nok rundt Stad, og det blir nok målt orkan på Kråkenes fyr, trur meteorologen.

Blir kraftig vind i fjellet

Fredag morgon er det bra køyreforhold på dei fleste fjellovergangane i Sør-Norge, utanom riksveg 13 over Vikafjellet som har vore stengd. Der er det no opna for kolonnekøyring.

– Vinden vil gå eit godt stykke innover i landet laurdag. I fjellet blir det også mykje vind, det er snakk om storm der også, og det vil bli vanskelege køyreforhold, konkluderer Frode Hassel.