Hopp til innhold

Hard debatt: «Det er oppspinn og tankespinn»

Forsvarsdepartementet vart åtvara mot å støtte ein bauta over krigshelten Oliver Langeland frå Nordfjordeid. Dette går fram av brev NRK har fått tilgang til.

Oliver Langeland.

ÅTVARA: To krigshistorikarar åtvara Forsvarsdepartementet mot å gje støtte til ein bauta over krigshelten og Milorg-sjef i Oslo, Oliver Langeland frå Nordfjordeid.

Langeland, som var sjef for Milorg i Oslo, vart sett på nærast som ein forrædar etter at han og gjekk hardt ut mot landssvikoppgjeret og kritiserte fleire for å ha svikta under krigen.

I Forsvarsdepartementet si grunngjeving for ikkje å gje økonomisk støtte til den planlagde bautaen over Milorg-sjefen Oliver Langeland frå Nordfjordeid, blir det mellom anna vist til at det ikkje er reist minnesmerke over andre distriktsleiarar i Milorg.

Vidare blir det poengtert at Langeland sin krigsinnsats ikkje var så eksepsjonell at han fortener noko minnesmerke.

Men no viser det seg at det kan vere andre grunnar til avslaget. Forsvarsdepartementet har nemleg innhenta råd frå to forsvarshistorikarar, som begge rår departementet om ikkje å støtte ein bauta av Langeland.

Arvid Bryne, som har skrive bok om Langeland, er opprørt over dei som åtvarar mot å reise ein bauta etter krigshelten.

– Dette er den gamle historia som syner at berre historikarar kan forandre fortida som den greske vismannen Agathon sa fire hundre år før Kristus, seier Bryne.

– Han har vist at han ikkje har peiling

Arnfinn Moland, norsk Hjemmefrontsmuseum

KRIG ETTER KRIGEN: Arnfinn Moland meiner ein bauta over Langeland ikkje ville vore for krigsinnsatsen, men for krigen Langeland førte etter krigen.

Foto: Kjell Herning / NRK

Den eine av historikarane Forsvarsdepartementet har henta råd frå er leiaren for Norges Hjemmefrontmuseum, Arnfinn Moland. Han skriv mellom anna:

«Jeg ser ingen grunn til å reise en statue av Langeland. Det vil vere en merkelig avgjørelse. Det ville i tilfelle ikke bli for eksepsjonell krigsinnsats, men for hans krig etter krigen.»

Bryne fnys over kritikken av Langeland.

– Arnfinn Moland har tidlegare vist at han ikkje har peiling på historia om aprildagane i 1940. Han har avslørt ei vankunne som er skremmande

Moland skriv vidare at fleire var misnøgde med Langeland sin innsats som Milorg-sjef i hovudstaden, og at Jens Christian Hauge, som var Milorgsjef på landsplan, og som etter krigen vart forsvarsminister, til slutt måtte fjerne han frå stillinga.

Bryne har følgjande forklaring på at Hauge til slutt kvitta seg med Langeland.

– Langeland ville ha væpna aksjon. Det burde ha kome for lenge sidan. Men Hauge nekta og regjeringa i London nekta.

Arnfinn Moland ønskjer ikkje å kommentere kritikken frå Bryne.

– Han var redd den kvite manns undergang

Øystein Hetland.

NASJONALIST: Øystein Hetland meiner Langeland var ein høgreorientert nasjonalist, og rådde Forsvarsdepartementet frå å støtte minnesmerket etter Langeland.

Foto: Bård Siem

Den andre historikaren som er kritisk til Langeland er Øystein Hetland ved Holocaustsenteret i Oslo.

I brevet til forsvarsdepartementet framstiller Hetland Oliver Langeland som ein høgreorientert nasjonalist, nærast som ein korsfarar for den kvite mann si framtid.

– Han var kjemperedd for at dei fallande fødselstala skulle føre til at den kvite mann gjekk under.

– Men Langeland var jo aldri medlem i NS, han kjempa beinhardt mot tyskarane, han ville bruke meir fysisk makt mot tyskarane enn det Jens Christian Hauge ville sjølv. Er det ikkje då eit paradoks at du freistar å dra han ned i søla slik du gjer her?

– Nei, fordi ein del av norsk krigshistorie det er kasta lite lys på er den veldig sterkt nasjonalistisk motiverte motstanden. Og for ein ekte nasjonalist som Langeland ville noko slikt fort bli oppfatta som heilt utruleg, og eit brot på grunnførestillinga i nasjonalismen, som er at ein kvar nasjon skal sjølvråderett.

– Det er oppspinn og tankespinn!

Arvid Bryne

IKKJE PEILING: Arvid Bryne, som har skrive bok om Langeland, meiner Moland ikkje har peiling og at Hetland sine meiningar er oppspinn.

Foto: Bård Siem

Arvid Bryne meiner at Hetland ikkje tek omsyn til at Norge i 1930-åra var eit heilt anna samfunn enn det vi har i dag.

– I 30-åra var så godt som alle offiserar, Langeland inkludert, på høgresida, og kritiske til Arbeidarpartiet sine "brukne gevær, seier Bryne.

– Men Hetland skildrar Langeland som ein konservativ nasjonalist, og nærast ein rasist. Stemmer det at han var det?

– Grunngjevinga han gjer er at Langeland var sterkt mot abort. Då kan Hetland stemple heile politiske parti som rasistar og nasjonalistar.

– Så han var ingen rasist, slik du ser det?

– Slett ikkje. Det er oppspinn og tankespinn frå Hetland, seier Arvid Bryne.

Hetland meiner noko av kritikken frå Langeland kom med mot rettsoppgjeret var verdt å lytte til, men at han på enkelte område skaut langt over mål.

Men han tek seg ikkje nær av kritikken frå Bryne.

– Nei, nei. Me må jo kritisera både landssvikoppgjeret og historieskrivinga om krigen. Men det er sjeldan noko god ide å kasta babyen ut med badevatnet, seier Hetland.