Hopp til innhold

ATV-seljarar får skarp kritikk

Seljarar av firehjuls terrengsyklar opplyser ikkje om farane. - Syklane vert selde som leiketøy, men foreldra kan få straffereaksjonar om det skjer ei ulukke, seier politibetjent i Bremanger, Espen Gulliksen.

Firehjuling
Foto: Morten Holm / Scanpix

Seljarane av såkalla ATV eller firehjuls terrengsyklar opplyser ikkje om farane ved syklane, og det skapr no reaksjonar. Ifølgje Gulliksen er det restriksjonar på bruk av slike køyrety.

-Born kan nytte terrengsyklane på godkjend bane, men dette er ikkje noko leikety for born. Det er ulovleg å køyre, også på eiga innmark.

- Folk skjønnar ikkje farane

Rune Soleide, medeigar av Førde Motorsport, trur ikkje faren vert teken alvorleg nok.

- Eg trur ikkje folk er innforstått med farane, og dei ser nok heller ikkje på det som ein alvorleg fare.