Hopp til innhold

Skal leie nesten reint jentestyre

Embla Belsvik vart i helga attvald som leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre. Med seg i styret har ho nesten berre jenter.

Sogn og Fjordane Unge Høgre

NYTT STYRE: Seks jenter og ein gut er med i det nye styret til Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Foto: Unge Høgre

Florøjenta synes det er heilt på sin plass at det nye styret har seks jenter og ein gut, og ho har stor tru på at det vil fungere svært godt.

– Eg synes det er litt tøft eg. Det er liksom eit levande bevis på at kjønnskvotering er heilt unødvendig, seier Belsvik til NRK.

Engasjerte jenter

Ho meiner at det at Unge Høgre no har eit stort jentefleirtal i styret, syner at svært mange jenter er engasjerte i samfunnet og i politikk.

– Det er eit veldig flott styre vi har fått med oss. Det er kjempeengasjerte ungdom som har lyst å gjere ein skilnad og som har lyst å vere med å bidra i det politiske samfunnet, seier Belsvik.

Berre ein gut

Ho trur ikkje at Øystein Bang Olsen som einaste mann i styret vil bli einsam.

– Det at det er seks jenter og ein gut gjør vel at det bare blitt litt fleire høns i reret, kan ein seie. Eg trur det kjem til å fungere veldig bra, sler ei smilande Belsvik fast.

Det nye styret i Sogn og Fjordane Unge Høgre er sett saman slik:

1. Leiar Embla Belsvik, Florø
2. Nestleiar Vilde Øvstetun , Kaupanger
3. Styremedlem Amanda Dalsbotten Solvåg, Selje
4. Kasserar Andrea Kvam, Sogndal
5. Sekretær Lena Førde, Florø
6. Styremedlem Øystein Bang Olsen, Florø
7. Styremedlem Lise-May Sæle, Balestrand