Tidlegare banksjef i Nordea Måløy, Agnar Lyng, meiner utflytting av attraktive arbeidsplassar er ei uheldig utvikling som forsterkar problema kysten har frå før.
- Bankar er ein viktig og konkurransedyktig arbeidsplass med tanke på å vere attraktiv for ungdom, så det har stor betydning. Det er ein kunnskapsarbeidsplass som det ikkje er for mange av i distriktet, seier Lyng.
- Uheldig for Måløy
Dei siste to åra har Nordea i Måløy halvert talet på tilsette frå fjorten til sju. Agnar Lyng var ein av desse. Han vart den siste lokale banksjefen. No sist måtte ein av mellomleiarane slutte, stillinga hans vart overført til Nordea i Fosnavåg. Ei utvikling som ikkje bare går utover Måløy som plass å bu, men også for næringsaktiviteten, meiner Lyng.
- Det har betydning at dei som finansierer har kunnskap om folk, produkt og lokalområde, seier Lyng.
Fleire kutt innan banktenester
Nordea er ikkje åleine om å skjære ned. I fjor haust kvitta Posten i Måløy seg med to tilsette med over tjue års ansiennitet. Desse jobba også med banktenester. Og Sparebanken Sogn og Fjordane har sidan oppstarten i Måløy i 1999 redusert frå fire til to tilsette. Måløy har såleis mista 11 attraktive arbeidsplassar innan bank dei to-tre siste åra.