Hopp til innhold

Åtteåring vann bakekonkurransen i Vik

Ein åtteåring stakk i år av med den gjævaste prisen for årets bringebærkake, under bringebærfestivalen i Vik

Kakebord

VINNARKAKA: Sjakkbrett-kake med bringebærmousse, sjokolade og marsipan.

Foto: Privat

– Vinnarkaka er ein type blautkake, med sukkerbrød, marsipan og bringebærfromasj. Smaken var kjempegod og konsistensen på sukkerbrødet var og fin, seier dommar Oddny Hønsi Ringheim.

Ho sjølv har likt å baka sidan ho var lita jente, og driv i dag «kakemonsen.no», ein nettstad for kakeoppskrifter.

–Til å vere laga av ein åtteåring, så var vinnarkaka eit imponerande byggverk. Inni var det brunt og lyst sukkerbrød i sjakkbrettmønster, og utanpå var ho pynta som eit sjakkbrett med brikker og alt, seier Hønsi Ringheim.

– Så her har vi kanskje ein komande konditor?

– Ja, eg har håp om at når han veks til, så skal han utvikle «Vikjakaka», seier Hønsi Ringheim.

Brita Salbu, Oddny Hønsi Ringheim og Tone Grindedal

DOMMARPANELET: Brita Salbu, Oddny Hønsi Ringheim og Tone Grindedal.

Foto: Privat

For eit av dei store måla under konkurransen er å finne fram til ei oppskrift som kan bli sjølvaste Vikjakaka, på same måte som ein har gjort med eplekake i Hardanger. Men for å kome gjennom dette nålauge må kaka ikkje berre smake godt, men også vere nyskapande. Men så langt er det ingen som har nådd heilt opp dei fire gongene konkurransen har vore arrangert.

– Eg er vel kanskje litt kresen på det her, men eg tykkjer at når vi skal kåre ei kake som verkeleg er «Vikjakaka» eller bringebærkaka frå Vik så må det vere ei heilt ny oppskrift. Noko nyskapande og ikkje noko ein har funne på internett. Kakene vi hadde i år var gode, men nytenkande på smak var dei diverre ikkje, seier Hønsi Ringheim.

Bringebærpannekaker

OVERRASKINGA: Grøne pannekaker

Foto: Privat

Men også i år var det overraskingar, blant anna grøne pannekaker med ein salat av bringebær, aprikos fetaost og valnøtter.

– Det var kjempegodt og er flott som forrett eller smårett. Kombinasjonen mellom det grøne og dei raude bringebæra såg nydeleg ut, seier Hønsi Ringheim.