Hopp til innhold

– Vi stiller så lenge dei har behov for oss

Politiet har avhøyrt sju-åtte personar etter rasulukka ved Nigardsbreen i Luster. Leiar i kriseteamet, Truls Rogstad, seier dei følgjer opp dei pårørande så lenge dei har behov for det.

Lege og leiar i kriseteamet Luster

KVAR DAG: Truls Rogstad er leiar i kriseteamet i Luster. Han seier dei stiller opp for dei pårørande så lenge dei har behov for det.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Borna til det omkomne ekteparet blir tett følgde opp av kriseteamet i Luster.

Måndag kom også besteforeldre til dei to åtte og ti år gamle gutane til bygda.

– Ting har roa seg for alle partar. Vi har folk frå kriseteamet som tek han om borna og følgjer dei opp ved behov for informasjon og hjelp, seier fungerande kommuneoverlege, og leiar av kriseteamet, Truls Rogstad.

Stiller så lenge det er behov

Nigardsbreen

KOLLAPSA: Isblokka ramla ut ved breporten til Nigardsbreen.

Foto: Christian Blo,

Etter planen returnerer gutane og besteforeldra til Tyskland på torsdag.

– Vi stiller så lenge dei er her. Det er ulike praktiske ting dei treng hjelp til, og har dei behov for å snakke, sjå staden eller andre ting så tek vi det ut frå kva dei føler for, seier Rogstad.

Det tyske ekteparet i 30-åra omkom då dei gjekk innanfor sperringa og kom for nær breen . Ei stor isblokk losna og trefte paret.

Åtte avhøyr

Fungerande regionlensmann i Sogn, Norvald Ylvisåker, seier dei har avhøyrt sju-åtte personar etter den tragiske ulukka.

Han ynskjer ikkje å gå i detalj på kva vitna, mellom desse dei to borna, har fortalt.

– No må vi vurdere om det er fleire vitne og om det er noko med åstaden som vi må sjekke ut nærare, seier han.