Åtte involverte i kollisjon, to til sjukehus

To bilar har kollidert front mot front i Sogndalsdalen. Vegen er stengt.

Laster kart, vennligst vent...

To bilar har kollidert i Sogndalsdalen.

To personar er sende til sjukehus i Førde med ambulanse, skriv politiet like før klokka 18. Dei seks andre som var involverte i ulukka er sett til av lege på staden.

Det skal vere særs glatt på staden, opplyser politiet.

– Alle dei involverte er komne ut av bilane og står på beina, opplyser Per Rimmen ved politiet sin operasjonssentral.

Ulukka skal ha skjedd ved Notsete, melder vegtrafikksentralen. Vegen er opna igjen etter bilberging.