Hopp til innhold

Åtte har mista livet ved breen

Søndag ettermiddag omkom eit tysk foreldrepar i 30-åra då dei vart trefte av isblokker under Nigardsbreen i Luster.

Baklibreen i Jostedalen

FLEIRE OMKOM: Ras frå Baklibréen tok tre menneskeliv i 1986

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Dei to barna deira var vitne til den tragiske ulukka. Dei stod like ved breporten der elva renn ut av breen.

Også tidlegare har menneske mista livet ved Jostedalsbreen. Sommaren 1986 omkom i alt fem menneske livet i området.

Blei trefte av isras

Eit nederlandsk ektepar og sonen deira omkom då dei vart råka av eit isras frå Baklibréen i Krundalen, og berre få dagar seinare omkom to danske kvinner då dei vart tekne av ei brå flaumelv som kom unna Nigardsbréen.

Flaumen skuldast at eit isras under bréen hadde demt opp elva, og då demninga brotna, fossa store mengder vatn fram på turistane som hadde gått for nær breporten.

Fall i bresprekk

Det same hende i 1994 då ei brå flaumelv tok med seg ei polsk kvinne. Ho vart ført heilt på Nigardsvatnet, men vart berga.

På 1990-talet omkom ein mann som var busett i Sogndal då han fall ned i ei brésprekk på Nigardsbréen.

Nigardsbreen

OMKOM: Her blei det tyske ekteparet funne etter at breen hadde rasa over ei.

Foto: Christian Blom