Hopp til innhold

Åtte av ti grisebønder blir ikkje kontrollerte

GLOPPEN (NRK): Åtte av ti grisebønder vart ikkje kontrollerte av Mattilsynet i fjor. Over halvparten av dei som vart kontrollerte, vart varsla om kontrollane på førehand.

Frode Fjellestad

IKKJE NOKO Å SKJULE: Grisebonde Frode Fjellestad oppmodar Mattilsynet sine kontrollørar til å kome når dei vil og så ofte dei vil.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette kjem fram i Mattilsynet sin årsrapport for 2018.

– Dette er på ingen måte bra nok. Vi må få fleire kontrollar og fleire av kontrollane må ikkje vere varsla på førehand, seier grisebonde Frode Fjellestad i Gloppen i Sogn og Fjordane.

Nordfjordingen innvia ny grisefjøs i fjor. I dei moderne bingane ligg purkene og slumrar. Mange av dei små grisungane søv. Andre syg av mødrene sine. Fjøsen er rein og fin, og vi høyrer nesten ingen lyd frå grisane.

Sterk kontrast

Kontrasten til dei groteske tilhøva som vart vist i NRK Brennpunkt sin dokumentar «Griseindustriens hemmeligheter» sist veke kunne knapt vore større. Der såg vi mellom anna grisar som vart kastrerte utan bedøving og døyande dyr som vart liggjande i dagevis i smerter. Vi såg dyr som fekk straum, og dyr som vart slått og sparka.

– Det som kom fram i dokumentaren er svært sjokkerande. Eg har mest ikkje ord, seier Fjellestad.

Sjokkert politikar

Harald Moskvil, landbrukspolitisk talsperson for Miljøpartiet dei Grøne, er sjokkert over at Mattilsynet kontrollerer så få grisebønder.

– Når mesteparten av tilsyna i tillegg er varsla på førehand, held det ikkje mål. Eg trudde ikkje det var så ille som dette, seier han.

Harald Moskvil i Miljøpartiet De Grønne

SJOKKERT: Det er sjokkerande få grisebønder som blir kontrollerte av Mattilsynet, meiner Harald Moskvil, landbrukspolitisk talsperson for Miljøpartiet dei Grøne,

Foto: Henrik Bøe / NRK

Moskvil meiner det stadig aukande kravet til effektivitet i landbruket er ein stor del av problemet.

– Bøndene skal produsere stadig meir på kortare tid. Resultatet blir dessverre at enkelte blir avstumpa som husdyrprodusentar, seier han.

Mattilsynet forsvarer dagens praksis

Torunn Knævelsrud, seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet, har følgjande kommentar til kritikken:

– Vi har dei ressursane vi har til å bruke på tilsyn, og vi må fordele dei mellom dei ulike tilsynsområda Mattilsynet har.

Så det er ressursmangel som er grunnen til at de ikkje har fleire tilsyn hos svinebønder?

– Eg trur ikkje det er hensiktsmessig heller at vi skal vere på langt meir tilsyn enn vi har i dag. Reint generelt driv dei fleste bønder lovlydig. Det er ikkje meininga at Mattilsynet som tilsynsorgan skal vere i alle dyrehald kvart år, seier ho.

Du hevdar dei fleste bønder driv lovlydig. Tyder ikkje dokumentaren i NRK Brennpunkt på noko heilt anna?

– Det vi såg i den dokumentaren var heilt uakseptabelt. Men det er usikkert kor mykje av dette Mattilsynet kunne ha oppdaga på tilsyn, seier ho.

Knævelsrud legg til at oppdraget frå politikarane er at Mattilsynet sine tilsyn skal vere risikobasert, og at det skal gjennomførast tilsyn berre i eit utval av dyrehalda.

Torunn Knævelsrud

AVVISER KRITIKK: Seksjonssjef i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud, meiner det ikkje er hensiktsmessig med fleire kontrollar av dyrevelferd hos grisebønder.

Foto: Mattilsynet

Meiner varsling ofte er nødvendig

Seksjonssjefen i Mattilsynet svarer slik på kvifor over halvparten av tilsyna blir varsla på førehand:

– Det er ulike grunnar til at det er nødvendig at vi veit at bonden er til stades. Når det gjeld gris, held vi på med eit program der vi tek prøver for antibiotikaresistente bakteriar. Då må bonden vere der.

– Kva trur Mattilsynet ein grisebonde vil gjere dersom det er kritikkverdige tilhøve i fjøsen og han blir varsla om at Mattilsynet kjem?

– Han vil sannsynlegvis gjere ting han burde ha gjort. På ein måte er det bra at han ryddar opp, seier ho.

Knævelsrud legg til at mange bønder får kort tid på seg frå varsling til Mattilsynet kjem, og at dei slik sett ikkje rekk å rydde opp i særleg grad.

Skadd gris

SKADD GRIS: Her ser vi ein av dei skadde og døyande grisane som vart vist i NRK Brennpunkt sin dokumentar sist veke.

Foto: Piraya film / NRK

Vil ha oppmøteplikt om dyrevelferd

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner det ikkje er nok med fleire kontrollar frå Mattilsynet.

– Alle grisebøndene i landet må kallast inn til møte der det blir full fokus på dyrevelferd, seier han og legg til:

– Det må vere møteplikt. Dei som ikkje møter, må oppsøkast. Dei som ikkje greier å behandle dyra på ein skikkeleg måte, må ut av næringa, er den klare meldinga frå Felde.

Anders Felde og Frode Fjellestad

KREV ENDRING: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, vil at alle landets grisebønder skal kallast inn til møte der det skal vere full fokus på dyrevelferd. Grisebonde Frode Fjellestad er einig.

Foto: Bård Siem / NRK