Hopp til innhold

Åtte av ni aviser med nedgang

Sju av dei åtte avisene i Sogn og Fjordane hadde nedgang i opplaget frå 2010 til 2011. Til saman vart det selt 1358 færre aviser.

Lokalaviser med opplagsnedgang

SJU MED NEDGANG: Sju av åtte aviser hadde opplagsnedgang frå 2010 til 2011.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Berre Firda Tidend på Sandane kunne notere eit plusstal, ein auke på 16 aviser til eit 2011-opplag på 3062 eksemplar. Redaktør Bjørn Grov har blanda kjensler etter at opplagstala vart kjende.

(Artikkelen held fram under biletet).

Firda Tidend-framside

EINASTE MED AUKE: Firda Tidend var mot trenden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Lei meg for nedgangen til dei andre

– På den eine sida er eg sjølvsagt glad for og nøgd med at vi er på plussida. Samstundes er eg lei meg for at dei andre går tilbake, og litt for mykje tilbake.

Bjørn Grov

GLAD FOR AUKE: Redaktør Bjørn Grov i Firda Tidend.

Foto: NRK

– Kva er grunnen til at Firda Tidend greier å vere på plussida?

– Det veit eg ikkje om eg har noko eintydig svar på. Men det handlar mellom anna om hard jobbing og at vi lagar eit produkt som lesarane våre synest er OK. Vi har ei stødig lesargruppe.

– I tillegg har vi etablert eit godt fotfeste i Jølster og har eit lite pluss der kvart år. Slik situasjonen er i dag må vi vere nøgde med det. Det er ein tøff marknad for papiravisene, verda har forandra seg litt. Eg tenkjer på uviklinga på nettet, i tillegg skaper omleggingar i Posten vanskar for distribusjonen.

Grov har ikkje noko hemmeleg triks han kan gje dei andre avisredaktørane i fylket, anna enn at det må hard jobbing til.

Verst for Bremanger Budstikke

Alle dei andre avisene måtte tole nedgang i opplaget, og mest svir det nok for den ferske lokalavisa Bremanger Budstikke, som kjem ut i Svelgen. Opplaget gjekk ned frå 1285 til 1074, ein prosentvis nedgang på 16,4.

For dei meir etablerte er nedgangen størst for Ytre Sogn Avis (sjå Aviser og media i Høyanger ), som kjem ut i Høyanger. Der vart opplaget redusert med nesten åtte prosent, ned 130 til 1517 aviser i 2011.

Redaktør Rune Sviggum er naturleg nok ikkje nøgd med dette. Han forklarar nedgangen med at 2011 var eit spesielt år for avisa.

– Glad vi fekk ut avisa i det heile

– Utan at eg veit korleis det har spela inn så var eg sjukmeld i ti månader, og han som steppa inn var sjukmeld heile året, og vikaren for vikaren vart sjukmeld, så vi får vere glade for at avisa kom ut alle gongene ho skulle i 2011.

– Samstundes kan vi ikkje underslå at resultat for Ytre Sogn Avis er for dårleg. Vi var einaste avisa som hadde framgang året før. Og det har ikkje verka særleg inn på økonomien.

Men også dei største avisene i fylket, Firda og Sogn Avis , hadde nedgang som merkast, Firda hadde minus 421 (3,2 prosent) til 12 909 aviser og Sogn Avis minus 267 (2,7 prosent) til 9786 aviser.

Firdaposten hadde ein nedgang på 113 til 5214 (- 2,1 prosent), Fjordabladet minus 47 til 2749 (- 1,7 prosent), Fjordenes Tidende minus 128 til 5180 (- 2,4 prosent) og Fjordingen minus 41 til 4228 aviser (- 0,96 prosent).