– Resultatet etter møtet er at dei skal slutte sveltestreiken og flytte inn att i husa sine medan dei ventar på ny dialog med UDI neste veke, seier Ronja Trolie, regionleiar for Norsk Mottakssenter region Vest.
Tysdag kom meldinga om at 24 syriske asylsøkjarar i Høyanger hadde gått til sveltestreik i protest mot at dei kanskje må vente i fire år før dei får svar på asylsøknaden sin. Fredag var det møte mellom dei streikande, mottaket og UDI.
– Det var eit fint møte. Dei gav uttrykk for at dei er frustrerte over ventetida, og vil ha asylintervjuet sitt så snart som mogleg. Dei hadde gode spørsmål til UDI, og har også kome med innspel til UDI, som seier dei vil ta desse med seg vidare, forklarar Trolie etter møtet.
Også UDI meiner det var eit konstruktivt møte, der dei fekk informert og opplyst om vegen vidare.
– Vi i UDI reknar med at for dei aller aller fleste syrarane, vil få vedtak før utegangen av året. Det betyr at ventetida etter registrering vil vere kortare enn det som er vanleg for dei fleste, seier Sissel Mehammer, regiondirektør i UDI Vest.
- Les også:
UDI forstår frustrasjonen
Det er også avtalt å halde eit nytt møte neste veke for å informere bebuarane ytterlegare om kva som skjer. Norsk organisasjon for asylsøkjarar, NOAS, gjekk tidlegare i veka ut og åtvara om at det fort kunne bli fleire liknande aksjonar i resten av landet.
To av dei 24 som sette i gong sveltestreiken vart sende til sjukehus for sjekk, men er skrivne ut og tilbake i Høyanger. Mehammer skjønar at asylantane kjenner på frustrasjon.
– Det er ingen av oss som ynskjer at det skal vere ventetid på intervju, så vi jobbar så raskt vi kan med å få gjennomført det. Vi forstår godt at folk som har venta lenge og som kjenner dei lever i uvissa, kjenner utolmodigheit og
frustrasjon, seier regionsjefen.
På mottaket bur dei seg no på å kome tilbake i vanleg gjenge.
– No får dei tilbake kronekorta sine, og vil styre med hushaldningane og lage mat sjølve. Så kjem dei til oss om det er problem, seier Trolie.