Hopp til innhold

Varetektsfengsla asylsøkjar sikta for vald mot jente

Ein asylsøkjar i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker, sikta for vald mot ei ung jente.

Mannen vart pågripen i førre veke og varetektsfengsla fram til 5. februar. Påtalemakta meiner mannen skal ha brote handleddet på jenta.

Sjølv hevdar mannen at armbrotet skuldast eit fall på sykkel.

– Avgjerda er anka, seier forsvararen til mannen, Erik Slotterøy. Han ynskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare.

Fann ikkje skade

Erik Slotterøy

FORSVARAR: Erik Slotterøy er forsvarar for den sikta asylsøkjaren i 20-åra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den sikta kom til Norge i fjor haust, og bur no ved eit asylmottak i Sogn og Fjordane.

Han er no sikta for brot på straffelovas § 273, lekamsskading, og risikerer fengsel i inntil seks år.

– Grunnlaget er at han skal ha påført ein mindreårig kroppsskade som har oppstått over tid, seier politifullmektig Cathrine Elisabeth Schjelderup ved Vest politidistrikt.

Lege avdekka

Ifølgje rettsboka kan ikkje mannen tidfeste når uhellet skjedde. Han forklara også at han ikkje såg teikn til skade då han undersøkte henne.

– Det vart ved ein legetime oppdaga kroppsskade som synest å vere oppstått ei tid i førevegen. Den mindreårige er framleis under tilsyn av helsevesen, seier politifullmektig Cathrine Elisabeth Schjelderup.

Mannen forklara at merke og sår på kroppen til jenta skuldast ei hudliding. Dette kunne ikkje dokumenterast, men påtalemakta har no fått løyve til å innhente legejournalar.

– Det blir jobba med å få ut fleire opplysningar, stadfestar Schjelderup.

Tidlegare meld for vald

Retten meiner det er grunn til mistanke mot mannen. I ei tidlegare melding skal ektefellen ha opplyst at mannen skal ha vore valdeleg mot borna.

– Han er sikta i ei anna sak etter straffelova §271 for å ha utøvd vald. Denne saka er ferdig etterforska, men desse sakene blir no sett i samanheng, seier Schjelderup.

Politiet har fått opplyst at sikta og familien tidlegare har forsvunne frå eit asylmottak i Norge. Dei fryktar både gjentaking og at han kan stikke av.

– Mannen har inga tilknyting til Norge, og kan risikere utvising ved domfelling. Gjentakingsfaren er på grunn av ei sikting for vald frå før jul, seier Schjelderup.