NRK Meny
Normal

Asylmottaket: – Nøktern, men forsvarleg standard

Ordføraren i Førde, Olve Grotle, meiner tilstanden på asylmottaket på Bergum er akseptabel.

Synfaring på asylmottaket på Bergum

– AKSEPTABELT: Ordførar Olve Grotle (H) seier standarden på asylmottaket på Brgum stettar krava. Til venstre mottaksleiar Andrew Hawkes.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det er ikkje eit spørsmål om det er ein standard eg eller du ville vore nøgd med. Det viktige er at den lever opp til krava som blir sette til asylmottak. Det vil seie nøktern, men forsvarleg, det meiner eg ein har her.

Onsdag kveld var Førde formannskap på synfaring ved asylmottaket på Bergum. Bakgrunnen for synfaringa var ei rekke oppslag i media i august som avdekte forhold Grotle meiner var kritikkverdige. Han håpar HERO no har ordna opp.

– Vi fekk ei svært god orientering frå HERO, og så har vi hatt ei synfaring som har vore som venta. HERO seier sjølv at dei tinga som vart omtalt i media for ei tid tilbake burde vore plukka opp av dei sjølve tidlegare. No vil eg vente og sjå resultatet av synfaringane.

Synfaring på Bergum asylmottak

SLIK: Slik såg det ut på Bergum då formannskapet var på synfaring onsdag ettermiddag.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Som på 1980-talet

Turid Vallestad

SYNFARING: Gruppeleiar og bystyremedlem for Sosialistisk Venstreparti, Turid Vallestad, var med på synfaringa.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Gruppeleiar og bystyremedlem for Sosialistisk Venstreparti, Turid Vallestad, budde sjølv i ei av blokkene på Bergum før det vart asylmottak. Ho synest dagens bygningar er ganske like slik dei var då.

– Det er litt nye fargar, men elles er det ganske likt slik det var på 1980-talet. Det er nok ikkje ein plass eg ville budd sjølv, men så er dette eit korttidstilbod. Det er vel tre til seks månader det er meininga at folk skal bu her.

– Positivt

Mottaksleiar på Bergum, Andrew Hawkes, fortel at dei sidan avsløringane i august har gått gjennom rutinane sine og starta arbeidet med vedlikehaldsplanen. Han er godt nøgd med synfaringa onsdag.

– Eg synest møtet var positivt. Vi har hatt ein god dialog med formannskapet. I dag hadde vi ei orientering, og så var vi på ei synfaring i blokkene. Det var ei svikt i rutinane som førte til situasjonen vi hadde i august, den skal vi no ta opp internt og eg som mottaksleiar skal følge det tett opp med dei tilsette.

Synfaring på Bergum Asylmottak

BETRE: Mottaksleiar på Bergum, Andrew Hawkes, seier dei har utbetra mange av avvika som var der i august.

Foto: Eva Marie Felde / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.