Hopp til innhold

Asylmottaket på Skei vert lagt ned

16 tilsette mister jobben og 22 einslege, mindreårige asylsøkjarar må flytte når Skei statlege mottak vert lagt ned 1. desember. I alt vert det lagt ned 17 mottak over heile landet i denne omgangen.

Tidlegare HV10-hovudkvarter på Skei.

SLUTT: Innan utgangen av november skal asylmottaket på Skei vere tømt for bebuarar og tilsette.

Foto: Livsmeistringssenteret

I alt skal kring 1600 mottaksplassar bort.

Asylmottaket, som held til i det tidlegare HV-bygget på Skei, er drive av Norsk Mottaksdrift. I utgangspunktet har mottaket kapasitet til å huse 30 bebuarar. Mottaket vart oppretta i 2015.

Dei tilsette ved Skei statlege mottak vart orienterte om avgjerda til UDI i dag.

Per Lykstad

Per Erik Lykstad i Norsk Mottaksdrift.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Eigar av selskapet Norsk Mottaksdrift, Per Erik Lykstad, seier reaksjonane hos dei tilsette har variert, men at beskjeden ikkje kom heilt uventa. Derimot vart han sjølv overraska då han og beskjeden i dag.

– Mottaket på Skei er drive veldig godt, seier han.

– Eg forstår at UDI må legge ned når det vert færre asylsøkjarar. Men det som er utfordrande er om vi får ein auke igjen i talet på asylsøkjarar. Då vil beredskapen vere dårlegare, seier mottakseigaren.

Siste mottaket

For Lykstad var beskjeden i dag tung av mange grunnar.

– For oss som selskap er dette og spesielt, då Skei er det siste mottaket vi driv. For oss er denne typen verksemda no over. I 2016 var vi rundt 300 tilsette ved mottaka våre og i desember vil vi vere null.

– Det har vore ein dramatisk og ressurskrevjande prosess. Ikkje minst har det vore krevjande for dei tilsette som har gått med nedleggingstrugsmål over seg heile tida. Å vite at ein har ein usikker jobb er veldig krevjande, samstundes som ein leverer hundre prosent på jobben, seier Lykstad.

17 mottak vert lagt ned

Regiondirektør i UDI, Stig Arne Thune, forklarar nedleggingane med at det kjem færre asylsøkjarar til Norge og at UDI i dag har stor, ledig kapasitet ved mottaka. Samstundes har fleire asylsøkjarar fått opphaldsløyve.

Stig Arne Thune

Regiondirektør Stig Arne Thune i UDI.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Frå 2015 til 2016 har talet på asylsøkjarar blitt redusert med over 27.000. Held utviklinga fram ser eg ikkje bort frå at det kan verte endå færre mottak, seier Thune.

I denne omgangen kvittar UDI seg med 17 mottak, åtte ordinære mottak og ni mottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar. To av mottaka for mindreårige er på Vestlandet, Skei og på Hå på Jæren.

Overraska ordførar

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) var ikkje orientert om avgjerda då NRK ringde han. Han synest det er leit og overraskande at mottaket vert lagt ned.

– Eg er veldig overraska fordi mottaket på Vassenden vart lagt ned på forsommaren. Tidlegare har vi hatt veldig god kommunikasjon med UDI om drifta av mottaka i kommunen, både når det gjeld opptrapping og nedtrapping av tal plassar, seier Klakegg.