Hopp til innhold

Asylmottak skaper mange arbeidsplassar

Dei nye asylmottaka i Sogn og Fjordane skaper mange nye arbeidsplassar. Nær 60 personar har fått jobb sidan april i år.

Andrew Hawkes

POPULÆRE JOBBAR: Mange vil jobbe hos mottaksleiar Andrew Hawkes ved Førde mottakssenter.

Foto: Montasje: Oddleif Løset/Kjell Arvid Stølen / NRK

Mottaksleiar Andrew Hawkes ved Førde mottakssenter fått 19 nye kollegaer den siste tida.

– Responsen var veldig bra, vi hadde vel 70–80 søkarar, seier Hawkes.

Populære stillingar

Dei kan velje frå øvste hylle og i ein tjukk søknadsbunke, stillingane på asylmottaka viser seg å vere populære. Ein av landets største drivarar av asylmottak, HERO, vil åleine dei neste månadane tilsette heile 250 personar på landsbasis.

Asylmottaka skapar aktivitet, påpeikar direktør Tor Brekke.

Tor Brekke

SKAPAR AKTIVITET: Direktør i HERO, Tor Brekke.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Eg tykkjer det er eit viktig perspektiv som burde kome meir fram. Ein ting er at det skaper arbeidsplassar og aktivitet som er godt fordelt over heile landet.

Han meiner det slik sett er ypparleg distriktspolitikk.

– Det gir omsetning i butikkane, det gir aktivitet på alle måtar, og så fører det mykje positivt med seg.

100 nye mottak

UDI trur at over 100 nye asylmottak vil opne i år og neste år. Dette skaper arbeidsplassar. Berre i Sogn og Fjordane vil asylmottaka i Stryn, Kaupanger, Jølster og Førde gje arbeid til 60 personar, innan eit vidt spekter.

Hroar Espeland i Lopex oppretta nyleg 12 nye stillingar til eit mottak på Kaupanger.

– Vanlegvis så slit vi med å få godt kvalifiserte folk, men eg trur at interessa rundt dei syriske flyktningane og det å hjelpe folk har påverka folk på ein positiv måte. Dermed har interessa for området auka, og kanskje og statusen, seier Espeland.