NRK Meny
Normal

Asylmottak kan gjere at dei må leggje ned

Nyheita om at det einaste hotellet i Askvoll skal nyttast som asylmottak opprører både politikarar og innbyggjarar i Askvoll. Det vil råke reiselivet i heile kommunen hardt.

Værlandet gjestehamn

25 PLASSAR: Værlandet gjestehamn har overnattingsrom til 25 personar og tilbyr også servering og aktivitetar som guida turar. Mange av gjestene kjem frå Askvoll Fjordhotell, som no truleg blir asylmottak.

Foto: Værlandet Gjestehamn

– Hotellet betyr utruleg mykje for oss. Dei sender ut mange busslass med turistar som vi har på fiskesuppe, kaffi, vaflar og guida turar. Dei besøker ulike verksemder og museum her ute.

Slik skildrar Gry Leite ved Værlandet Gjestehamn kva Askvoll Fjordhotell har betydd for øyane vest i kommunen ute i havgapet.

Alden

VAKKERT: Her ser du bilete av Alden på Værlandet, berre ei av mange flotte øyer ute i havgapet som trekkjer turistar.

Foto: Steinar Bauge

Kan bety at dei må leggje ned

Askvoll Fjordhotell fekk nyleg nye eigarar, og desse eigarane samarbeider med Hero, selskapet som skal opprette asylmottak for 40 einslege, mindreårige asylsøkjarar.

Det vil ikkje berre gjere at kommunen står utan hotell, men også råke andre aktørar i reiselivet som har nytt godt av gjestane til hotellet.

– Vi misser turistturar og firmaturar. Dei har skaffa grupper og sendt dei til oss. Vi har kanskje ikkje vore like flinke sjølv på det området, så no må vi stå på meir, vedgår Leite.

For klarar dei ikkje å skaffe dei same kundane sjølv, blir konsekvensane store.

– Det har eg ikkje våga å rekne på, men det vil bety mindre inntekter. Vi har ikkje så mykje å gå på, og kan ikkje ha stor nedgang i besøkstal. Det vil nok bety at vi ikkje klarar å drive, dersom det blir altfor gale, seier Leite.

Gry Leite

SJØMAT: Her serverer Gry Leite sjømat frå Værlandet Gjestehamn til statsminister Erna Solberg i valkampen tidlegare i haust. Slik sjømat er noko av det ho har bydd turistane som har kome frå Askvoll Fjordhotell.

Foto: Kurt Rutledal

Ordføraren: Uheldig for næringsliv og reiseliv

Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) seier kommunen skal ta ansvar for å hjelpe til med den aukande flyktningstraumen, og at uroa ikkje går på sjølve mottaket, men at dei misser hotellet.

Frida Melvær

ORDFØRAR: Frida Melvær.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er uheldig for bygda sitt næringsliv og for reiselivet generelt i kommunen. Det har vore veldig god kontakt mellom hotellet og resten av reiselivet. Uroa og reaksjonane er knytt til det, seier ordføraren.

Tor Brekke, administrerande direktør i Hero, selskapet som skal drive asylmottaket, seier dei ikkje har undersøkt andre moglegheiter enn hotellet. Men han utelukkar ikkje å revudere dersom det dukkar opp moglegheiter på andre stader eller i privatmarknaden.

Tor Brekke

HERO: Tor Brekke.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Ja, vi er interesserte i alle moglegheiter. Vi gjer ein stor jobb for UDI i heile landet. Vi jobbar med eit titals prosjekt, og er interesserte i alle moglegheiter. Viss det finst andre moglegheiter i Askvoll vil vi gjerne ha tips om det, seier Brekke.

Gry Leite ved Værlandet Gjestehamn er også uroa, men vel å vere optimistisk.

– No held vi på å byggje Havhotell. Det vil hjelpe, sjølv om vi ikkje vil kunne ta busslaster. Men vi får tru konsekvensane ikkje blir så voldsomme, vi veit jo ikkje kor lenge asylmottaket kjem til å vere i drift, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser