Hopp til innhold

Asylmottak får kritikk

Førde Eiendom AS husa asylsøkarar i lokala sine i 10 månadar utan godkjend brannsikring. Det melder Firda. Det vart ikkje søkt bruksendring av lokala og det mangla mellom anna sprinkel-anlegg. Dagleg leiar i Førde Eiendom AS, Mads Helle, seier til avisa at det har skjedd ei misforståing, og at dei gløymde å søke om bruksendring.