NRK Meny
Normal

Asylmottak er stort sett driven av private

Berre 14 av 135 asylmottak er drivne av ideelle organisasjonar, trass i at Regjeringa har lagt opp til noko anna.

Grethe Apelseth

FOR FÅ IDEELLE: Mottaksleiar Grethe Apelseth ved Jølster mottak.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det er alt for få, meiner Norsk Folkehjelp.

I juni legg asylmottaket på Vassenden i Jølster ned drifta. Mottaket er drive av den ideelle organisasjonen Norsk Folkehjelp. Når dørene er stengt, vil organisasjonen ha fire asylmottak att.

– Ideelle organisasjonar spelar ei stor rolle i asylmarknaden. Vi er eit talerøyr, ein pådrivar og ei stemme. Vi toler ikkje fleire tap no, meiner mottaksleiar Grethe Apelseth ved Jølster Mottak.

Ho hevdar organisasjonen er politisk nøytral, men ikkje politisk stille.

– Vi ser kritikkverdig forhold som vi bringer vidare. Den stemma er i ferd med å bli vekke, meiner Apelseth.

Skal oppfordre

Ifølge Integreringsmeldinga som kom i 2016 skal UDI aktivt oppfordre kommunar og frivillige organisasjonar til å etablere og drive mottak.

Men av 135 asylmottak er 100 drive av private aktørar. Berre 14 er drivne av ideelle organisasjonar.

Stig Arne Thune

Regiondirektør Stig Arne Thune.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Regiondirektør Stig Arne Thune forklarar kvifor.

– Dette er basert på ein heilskapleg vurdering der også pris og kvalitet er ein del av bildet. Men UDI ønsker at vi har mange leverandørar på marknaden, seier Thune.

Skjerme

På mottaket i Jølster meiner mottaksleiar Apelseth at ansvarlege styresmakter må skjerme dei ideelle asylmottaka. Med berre fire mottak att fryktar ho at Norsk Folkehjelp ikkje lenger kan drive mottak.

Regiondirektør i UDI tykkjer det er ei interessant problemstilling.

– Eg er usikker om regelverket tillèt skjerming i dag. Men vi jobbar med ein mottaksstrategi der slike juridiske problemstillingar vil bli vurdert, seier Thune.

Leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), meiner det er ein fordel at mindre trong for plassar gjer at UDI kan nedbemanne og frigjere midlar til andre ting.

Helge André Njåstad

Leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen Helge André Njåstad

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Men er ikkje ein av grunnane at dei private ligg lågast i anbod?

– Jo, for vi skal bruka skattebetalarane sine pengar klokt. Difor skal vi ikkje bruke meir enn nødvendig, heller ikkje på asylmottaksdrift, seier Njaastad.

Grei miks

– Ser du noko uheldig i at berre 14 av 135 mottak er drivne av ideelle organisasjonar?

– Nei, eg tykkjer vi har ein grei miks når ideelle organisasjonar og kommunar driv nokre mottak og private driv dei fleste. Det er ikkje aktuelt å sløse med skattebetalaranes pengar.

– Men i integreringsmeldinga skal UDI legge til rette for at kommunar og ideelle organisasjonar skal drive mottak.

– Vi må gje oppdraget til den som har det beste tilbodet på kvalitet og pris, uansett om det er kommune, privat eller ein ideell organisasjon, seier Njaastad.

Jølster Hotell

SLUTT: Jølster mottak på Vassenden blir lagt ned i juni.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.