NRK Meny
Normal

Asyl-eigar lovar å skjerpe seg etter kritikk frå UDI

Smuss, feitt, øydelagt inventar og brannfarlege installasjonar er noko av det som kjem fram etter UDI sitt tilsyn med asylmottaket på Bergum i Førde. No legg eigaren seg flat og lovar bot og betring.

Tilstanden på Bergum mottak Førde

MALT OVER: Ei rekkje stader på mottaket såg det slik ut, og desse flatene er no malt over.

Foto: Jostein Vedvik

I alt sju avvik blei avdekka i UDI sin kontroll med drifta av mottaket med inntil 150 plassar like utanfor Førde sentrum.

Tilsynet frå UDI var planlagt lenge før ei gruppe frå AUF drog til mottaket og tok bilete av det dei meinte var kritikkverdige forhold.

Ungdomane avdekka blant anna muggsopp i karmar og på lister, og generelt dårleg vedlikehald av eigedomen på Bergum. Bileta blei presentert i avisa Firda.

– Fått ein puff i baken

Konsernsjef i mottaksselskapet Hero, Vidar Torheim, legg seg no heilt flat for kritikken frå UDI, og forsikrar om at dei no gjer alt for å kome ajour.

Vidar Torheim

SKJERPAR SEG: Konsernsjef i Hero Norge, Vidar Torheim, lovar at selskapet skal skjerpe rutinane.

Foto: Stundom Productions AS

– Det er nokon mindre, og nokon litt meir alvorlege punkt som alt er rydda opp i. Nokon av tinga treng litt tid, som til dømes å bytte slitte overflater på benkeplater og slikt.

– Kvifor har det gått så langt?

– Det beklagar vi at det har gjort, og vi har fokus på det no. Vi jobber kontinuerleg i forhold til rutinar og i forhold til vedlikehaldsplanar for at slikt skal takast fortløpande. Men det er klart at vi har fått ein puff i baken på dette, og difor er arbeidet intensivert og det vil det gjere framover, seier Torheim til NRK.

Glad for skjerpinga

Han forsikrar om at dei vil gjere sitt for å rette opp i dei feila som også UDI no har peika på, og at dei tek dette på alvor.

– Eg har ikkje personleg vore der i denne situasjonen, men vi har representantar frå leiinga som er på jamnlege besøk og følgjer opp arbeidet på mottaket.

AUFar og fotograf Jostein Vedvik er glad for at Hero Norge no tek tak i dei utfordringane som er med bygningane på Bergum, som på det meste har plass til 150 bebuarar.

– Eg er veldig glad for at dei skjerpar seg, men det irriterer meg at dei ikkje kunne leggje seg flate for kritikken alt då vi hadde vore der, seier Vedvik, som dokumenterte ei rekkje manglar ved mottaket.

Ein Ungdomspolitikar i AUF meiner buforholda på Førde mottakssenter er elendige. Han tok bilete av det han såg, og no varslar både UDI og Førde kommune tilsyn hos mottaket.

Vestlandsrevyen sin reportasje om saka i august.

Har merka tydeleg betring

Han meiner at avsløringane han var med på, har gjort tilhøva for bebuarane på mottaket betre. Mellom anna er det malt både veggar og tak, og han opplever ei skjerping av rutinane.

– Eg har vore der fleire gonger etterpå, og vi merkar også ein skilnad i korleis dei tilsette behandlar bebuarane. Det verkar som om Hero har forstått alvoret.

Vidar Torheim i Hero Norge peikar på at burforholda er forsvarlege, noko som også helsestyresmaktene har slått fast.

– Vi skal sjølvsagt ha verdige butilhøve, og det jobbar vi med. Vi har ikkje gjort god nok jobb her for ei tid tilbake, så difor må vi skjerpe oss, og det er det vi gjer i ein slik situasjon, slår Torheim fast.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser