NRK Meny
Normal

60.000 såg Astrup i Oslo - snart kan USA stå for tur

– Vi er veldig, veldig glade. Henie Onstad har aldri hatt fleire besøkande på ei sommarutstilling.

Astrup-utstillinga ved Henie Onstad

MANGE BESØKANDE: Sparebankstiftinga DNB håpa på 50.000 besøkande under utstillinga på Henie Onstad. Det talet vart passert for ei veke sidan. – Vi er kjempestolte og veldig glade for at vi fekk til dette. Det har vore utruleg fint å møte publikum her på Høvikodden, og sjå gleda dei har hatt av å oppleve Astrup sine bilete, seier kommunikasjonssjef Gunhild Varvin hos Henie Onstad.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det seier Gunhild Varvin, kommunikasjonssjef ved Henie Onstad-museet på Høvikodden.

Søndag hadde utstillinga med Nikolai Astrup sine verk sin siste dag. Då kom også dei siste av 60.000 gjester innom dørene. Utstillinga opna 10. juni.

Astrup-utstilling på Henie Onstad

GODT BESØK: Astrup-utstillinga har engasjert det norske kunstpublikumet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er jo mange fleire enn dei 40.000 hos Dulwich, og det må vi seie oss nøgde med. Vi er utruleg glade for å ha vore med på dette eventyret, seier Varvin.

Over 100.000 har sett Astrup

Medrekna besøkstalet på Dulwich Picture Gallery, har over 100.000 personar til no sett den internasjonale lanseringa av Jølster-kunstnaren.

Tone Hansen og Anders Bjørnsen

MEIRSMAK: Anders Bjørnsen (t.h.) i Sparebankstiftinga DNB seier ein allereie er i gang med å planlegge fleire internasjonale Astrup-utstillingar.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Det samla besøkstalet i London var kring 50.000. Av desse løyste 40.000 billett. Varvin trur merksemda rundt utstillinga i England er ei årsak til godt besøkstal for museet på Høvikodden. Varvin seier besøkstalet er noko høgare enn venta.

– Det er nok ein av mange faktorar, men det viktigaste er nok at Astrup har ein kunst, eit engasjement og nerve som engasjerer publikum og som gjer han veldig aktuell i dag, seier kommunikasjonssjefen.

Blir pakka ned

Varvin legg til at det, som i London, har vore stor etterspurnad etter Astrup-effektar.

– Katalogen måtte vi mellom anna trykke opp i to omgangar, så det er tydeleg at veldig mange vil lese meir om Astrup og ha med seg informasjonen med seg heim, seier ho.

Utstillinga er allereie i ferd med å bli pakka ned ved Henie Onstad. No går turen vidare til Tyskland og Emden, der den opnar 1. oktober.

Håpar på 30.000

Avdelingsdirektør Anders Bjørnsen i Sparebankstiftinga DNB skildrar besøkstala i Oslo som fantastiske.

Astruptunet

OPPSVING: Godt besøk og gode omtalar for utstillingane har også slått positivt ut for Astruptunet. Allereie ved utgangen av juli passerte dei besøkstala for siste tre åra på kring 3.000 gjester.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han har ansvar for kunstinnkjøpa i Sparebankstiftinga DNB og har jobba med den internasjonale lanseringa i seks-sju år. Til no har responsen vore over all forventing.

– Vi håpa på 40.000 gjester i London, og fekk 50.000. Min villaste fantasi for Henie Onstad var 50.000, men vi fekk 60.000. No håpar vi på 25.000-30.000 i Tyskland, seier Bjørnsen.

Meir Astrup i utlandet

Omtalen av utstillinga i Emden har til no ikkje fått like massiv omtale, som den hos Dulwich. Men det som er klart, er at internasjonaliseringa har gjeve meirsmak. Ein er no i gang med å planlegge ytterlegare utstillingar av Astrup i utlandet.

– Det er målet, og eg er trygg på at vi vil sjå Astrup ute i den store vide verda om nokre år. Så får vi sjå kvar og når det blir, seier Bjørnsen.

– Men kva publikum kan vere aktuelt då?

– Det amerikanske publikum er mest nærliggande å tenkje, men ein kan også tenkje seg Asia der Astrup var inspirert av Japanisme.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.