Astrup sine kunstverk har hatt store suksess langt forbi Jølster sine grenser i løpet av fjoråret, og mellom anna utstillinga på Hennie Onstad kunstsenter utanfor Oslo vekte stor merksemd.
Her kom besøkande i hopetal for å sjå på bileta til Astrup, men også for å oppleve ei moderne videoframstilling av Astrup sitt rike. det er denne framstillinga som no er fokus i utstillingane i Bergen og Førde.
– Vi prøver å skape ei kjensle av å faktisk kome inn i Jølster, og det er forsommaren på Jølster vi ønskjer å gjenskape her. Vi begynner allereie å drøyme om våren, seier Janne Leite, kunstdirektør ved Sogn og Fjordane kunstmuseum.
Les også: Nikolai Astrup svært populær i Tyskland
Jølster på video
Det er til saman sju videoinstallasjonar som syner fram stader i Astrup si heimbygd Jølster som kunstnaren var særleg knytt til. Videoane er krydra med tekst frå brev som Astrup har skrive til ulike personar.
– Det gir meg så mykje ro i sjela og oppleving å vere her, sa besøkande Kari Gåsemyr til NRK då ho gjekk rundt blant installasjonane i utstillinga.
Les også: 60,000 såg Astrup på Hennie Onstad
2016 va Astrupåret, og den store merksemda både nasjonalt og internasjonalt har gitt ein oppsving til det lokale museet Astruptunet på Jølster, og ei vekst i lokal interesse for kunstnaren.
Ser Astrup på ein ny måte
Leite håpar at folk kanskje og tenkjer på kunstnaren på ein annan måte enn før.
– Gjennom å sjå andre kunstnarar tolke Astrup, og gjennom å snakke om historia, så får vi faktisk ei ny oppleving av kven Astrup er, også her lokalt.
Videoframsyningane i utstillinga varer i til saman fem timar, så direktøren tilrår å ta seg ein kopp kaffi og slappe heilt av når ein kjem på vitjing.
– Han må ha hatt ein veldig glød
Med utstillingane dei siste månadane har Astrup sin kunst nådd fram til mange forskjellige folk, men også etablerte kunstnarar var å sjå på utstillinga.
– Det er så bra at det blir sett fokus på Astrup og kunsten hans, og det kjem rett ifrå hjartet når eg seier det, seier biletmakar og musikar Oddvar Torsheim.
Han vitja utstillinga fredag, og likte veldig godt det han såg.
– Eg er imponert av Astrup, han må ha hatt ein veldig glød i seg som fekk produsert så mykje, og som også sprang rundt i fjellet då han var sjuk. Eg hadde ikkje klart det, eg går jo berre rundt i Halbrendslia, seier Torsheim.