Hopp til innhold

Vil selje desse, og fleire, Astrup-verk til kunstmuseet – møtt av lunken haldning hos museet

Ekteparet Ingrid og Nikolai Astrup Geelmuyden vil føre tilbake 68 Astrup-verk til Sogn og Fjordane. Så langt kjenner dei seg møtt med likesæle frå Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Vil selge Astrup-bilete til Kunstmuseet

TIL SALS: Barnebarnet til Nikolai Astrup, Nikolai Astrup Geelmuyden, vil selje 68 kunstverk for tre millionar kroner til Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Foto: Fotomontasje: Sverre Falkenberg

Barnebarnet til Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup, Nikolai Astrup Geelmuyden, vil selje Astrup-kunst for tre millionar kroner til Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Men Astrup Geelmuyden skjønar ikkje kvifor kunstmuseet verkar så lunkne.

Nikolai Astrup Geelmuyden

VIL SELJE: Nikolai Astrup Geelmuyden er barnebarn av Jølster-kunstnaren.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det siste brevet har eg ikkje fått svar på. Eg trudde museet var interessert, men fekk inntrykk av at dei ville ha pengar og ikkje kunsten. Dei seier dei ikkje har råd til å kjøpe, men Sparebanken seier dei vil kjøpe dersom museet vil ha det, seier han.

68 kunstverk

Totalt er det tale om 68 kunstverk som familien ynskjer skal bli bevart som ei samling i Sogn og Fjordane. Dei håpa museet, med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, kunne kjøpe.

Medan stiftinga seier at dei ventar på søknad frå museet, opplever Astrup Geelmuyden museumsdirektør Morten Johan Svendsen si tilnærming som rotete og merkeleg. Brev er ikkje svara på og meldinga er at det ikkje finst pengar.

– Eg forstår ikkje kva som har skjedd. Eg tykkjer samlinga bør førast tilbake og eg vil gjerne at tinga er samla, seier Astrup Geelmuyden som kontakta museet i fjor.

Forstår ikkje kritikk

Direktør i Sogn og Fjordane kunstmuseum Morten Johan Svendsen, meiner det ikkje er rimeleg av ekteparet Astrup Geelmuyden å kritisere han for å bruke lang tid på å bestemme seg.

Morten Johan Svendsen

VENTAR: Museumsdirektør Morten Johan Svendsen seier dei vil handsame førespurnaden frå ekteparet.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

– Slike prosessar kan ta fleire år når det er snakk om slike beløp. Det er heilt normalt, seier han og legg til:

– Dei har ikkje spurt når det passer for oss å få ein søknad. Dei har søkt når dei var klare, men vi har hatt andre ting på programmet og kan ikkje leggje vekk anna arbeid fordi om vi får ein slik søknad. Vi må ta ting i tur og orden etter kvart som dei kjem inn til oss.

– Absolutt interessant

Svendsen forstår heller ikkje utsegna om at han skal vere ute etter pengar, men ikkje kunsten.

Derimot meiner museumsdirektøren at tilbodet om å kjøpe Astrup-kunst er interessant.

– Vi tek det veldig seriøst og skal vurdere den på ein ordentleg måte. Det er absolutt av interesse for oss å samle inn så mykje Astrup-arbeid som mogleg, seier Svendsen.

Ventar på søknad

Kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Pål Fidjestøl, seier ideen om å kjøpe kunstsamlinga er spennande. Stiftinga løyver vel 13 millionar kroner årleg til mellom anna kunst, kultur og idrett.

Fidjestøl seier dei ventar på ein søknad frå museet. Men meiner at Astrup Geelmuyden dreg det vel langt, når han seier stiftinga har sagt ja til å løyve pengar. Han seier dei vil vurdere ein søknad når den kjem, og ta stilling ut frå det.

– Det hadde vore veldig kjekt om det var ekte, og om det var mellom dei mest viktige kunstverka. Det hadde vore utruleg flott, og ein attraksjon for museet, å få noko Astrup attende til fylket, seier han.

Nøkternt prisanslag

Blant dei 68 verka er det mellom anna to måleri, kol og penneteikningar, skisser tresnitt og nokre trykk. Paret har henta inn vurderingar frå to ekspertar som begge skal ha kome fram til eit nøkternt prisanslag på tre millionar kroner.

Astrup Geelmuyden har skrive brev til Jølster kommune med kritikk av museumsdirektøren. Dei vil gjerne sjå verka tilbake i Sogn og Fjordane og aller helst tilbake på Astruptunet.

– No har dei nok i Bergen, medan eg tykkjer museet i Førde har ingenting av Astrup, seier han.