Styreleiar Simon Freakley, H.M. Dronning Sonja og kurator Maryanne Stevens.
Signe (i midten) og Jon Christian Brynildsen (t.h.) selde sine Astrup-verk til Sparebankstiftinga DNB i 2005.
Kurator Maryanne Stevens og museumsdirektør Ian Dejardin i samtale om kunsten til Astrup.
Teikninga over døra vakte merksemd.
Jølstravatnet fekk heidersplass over døra.
Dronning Sonja var heidersgjest på onsdagens opning.
Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) var strålande nøgd med opninga. - Eg trur ikkje folk skjønar kor stort dette er, sa han. Her saman med tidlegare styreleiar i Astruptunet, Atle Hamar.
Tove Haugsbø har tatt doktorgrad på Astrup. I bakgrunnen ein minst like stolt og nøgd avdelingsdirektør i Sparebankstiftelsen DNB, Anders Bjørnsen.
Dronninga på Astrup-utstilling i London
God stemning blant dei mange spesielt inviterte gjestene under den lukka opninga av Astrup-utstillinga.
Nikolai Astrup sine måleri dekkjer veggane på Dulwich Picture Gallery i London.
Dulwich Picture Gallery i London
Motiv frå Jølster pregar veggane på Dulwich Picture Gallery i London.
Dronninga kjem til Dulwich Picture Gallery og blir ynskt velkomen av styreleiar Simon Freakley og museumsdirektør Ian Dejardin.
Kveldsmørket har senka seg og medan pressa blir sendt heim held det lukka arrangementet fram med middag for spesielt inviterte gjester.
Kulturminister Linda Hofstad Helleland (t.v.) følgjer med når kurator Maryanne Stevens orienterer H.M. Dronning Sonja om arbeidet med utstillinga.
Digital promo i resepsjonen til Dulwich Picture Gallery.
Museumsdirektør Janne Kathrin Leithe (t.h.) i samtale med Atle Hamar.
Styreleiar Simon Freakly opna og ynskte gjestene og spesielt H.M. Dronning Sonja velkomen.
Eit utval norsk og engelsk presse fekk følgje opninga.
Dronning Sonja tok seg god tid på omvisninga.
Denne plakaten kan ein sjå på ulike undergrunnstasjonar i London.