Hopp til innhold

Astrup er populær i Danmark

Måleria til kunstnaren Nikolai Astrup har omsider fått eit gjennombrot i Danmark.

Eit jonsokbål ruvar framfor det unge danske kunstpublikumet, og kunsthistorikar Ida Leisner prøver å fange interessa til 3. klassingane.

Det første møte med Astrup

Engel og Nikolai Astrup

Engel og Nikolai Astrup

- Er det nokon av dykk som vil fortelje kva vi ser, spør ho.

- Eit bål, seier ein gut.

Det er dei danske borna sitt aller første møte med den store norske kunstmålaren.

- Eg veit at han var norsk og at han er død, seier Ulrik Skotte Espersen som ikkje veit så mykje om Nikolai Astrup.

Stort å få ha han utstilt

Nikolai Astrup: Juninatt i haven

Nikolai Astrup: Juninatt i haven

Foto: © Blomqvist Kunsthandel

På veggene i Gamle Holtegaard i København heng Jølster-motiva som gjorde Nikolai Astrup til ein av dei største norske kunstmålarane. Men han er lite kjent i utlandet.

Museumsdirektør Mads Damsbo seier det er stort å oppdage og få vise fram ein kunstnar som folk enno ikkje kjenner.

Stor medieomtale

Nikolai Astrup: Maimåne

Nikolai Astrup: Maimåne

Foto: © Blomqvist Kunsthandel

Og publikum strøymer til utstillinga får å sjå Jølster-landskap, slik kunstnaren skildra det gjennom eit heilt liv. Utstillinga har fått mykje medieomtale, og Damsbo meiner det er snakk om eit gjennombrot for Astrup-kunsten i Danmark.

Utstillinga i København er første separatutstilling utanlands. Bileta heng til vanleg i Bergen kunstmuseum, og kunsthistorikar Oda Gjessing er litt overraska over at danskane har teke så godt i mot den store norske kunstmålaren.

- Vi er veldig glade for at dei ville ha utstillinga.

- Fortener internasjonal merksemd

Nikolai Astrup: Soleinatt

Nikolai Astrup: Soleinatt

Foto: © Blomqvist Kunsthandel

Ho jobbar no for å gjere bileta meir kjende i utlandet.

- Vi meiner han er ein dyktig kunstnar og han fortener å ha eit internasjonalt publikum, seier Gjessing.

Det er fleire av hovudverka til Astrup som no heng i kunsthallen i København.

Kjende motiv, både måleri og tresnitt, er lånte ut av Sparebankstiftelsen, og Gjessing vil ha fleire utstillingar utanlands.

Borna likte bileta

Historia om den norske kunstmålaren som vender heim til Jølster for å måle landskapsbilete frå heimbygda fasinerer iallfall den danske museumsdirektøren Mads Damsbo. Han meiner dei hundre år gamle bileta har noko å fortelje moderne menneske.

Og jonsokbålet og dei andre motiva gjer eit spesielt inntrykk på det unge danske publikumet.

Ulrik Skotte Espersen seier han blir i godt humør av å sjå dei som dansar rundt bålet.

- Eg blir glad av å sjå på bileta, seier han.

Skuleborn frå Danmark fekk sjå Astrup-utstillinga.

Skuleborn frå Danmark fekk sjå Astrup-utstillinga.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK