Hopp til innhold

Åsta (84) skal i teselskap med Kongeparet

Kva ville du sagt om du plutseleg fekk brev der du vart invitert på teselskap på slottet med Kongen? Åsta Bogstad (84) brukte god tid før ho bestemte seg for å reise.

Åsta Bogstad

GRUAR SEG: Åsta Bogstad tykkjer det er litt urettferdig med all merksemda kring henne, når det er så mange som legg ned eit enormt frivillig arbeid.

Foto: Privat

Det kongelege slott inviterer i desse dagar eldsjeler landet rundt til såkalla Afternoon Tea på slottet.

Frå fylket er Mons Smørdal (Eid), Jonny Litsheim (Høyanger), Odny Ravnøy (Solund) og Åsta Bogstad (Breim) inviterte.

– Eg tykkjer det blir litt for mykje merksemd. Det er mange som gjer ein kjempestor frivillig innsats, seier Bogstad til NRK.

Gruar seg litt

Deira Majestetar ynskjer å heidre eldsjelene for deira store frivillige innsats i lokalsamfunnet.

Teselskap hos kongen

TESELSKAP: Ole Paus underheldt under ettermiddagsteen i 2013.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Tradisjonen har røter attende til England så langt tilbake som i 1840. Under fjorårets teselskap fortalde Kong Harald at skikken var det bestemor hans, Dronning Maud, som tok med seg til slottet.

– Eg gruar meg litt. Det er så høgtideleg å reise inn til Kongen, men vi er visst mange som skal innover. Eg håpar vi blir ein gjeng så det ikkje blir så gale, humrar Bogstad.

Langvarig teneste

Bogstad har i nær 20 år køyrt mat frå omsorgssenteret til personar som har vanskar for å komme seg til butikk eller å lage mat sjølv. No køyrer ho ein fast dag for veka. Ho har vore støttekontakt for eldre og har vore med å drive bokkafé på Byrkjelo.

Den såg dagens lys då biblioteket sin filial på Reed vart lagt ned.

– Det var så mange som lånte bøker der, som fekk vanskar med å komme seg til Byrkjelo for å hente bøker. Eg fekk oppgåve å samle inn dei som ville opp og vi køyrde av og til tre bilar. Då fekk dei låne bøker, og Erna Strand stilte med kaker og kaffi, fortel 84-åringen.

Vil gjere nytte for seg

Kafeen lev i beste velgåande den dag i dag.

– Det er veldig koseleg, legg Bogstad til og har følgjande grunngjeving for hennar store engasjement for frivillig arbeid:

– Eg må vel etter kvart innrømme at eg er blitt gammal, men eg vil gjere nytte for meg likevel. Ein kan ikkje setje seg til å sture.

Og onsdag går turen til tigerstaden og teselskap med Kongen. Kva ho vil seie til Kongen om ho får han på tomannshand har ho ikkje tenkt på.

– Men eg er så glad i å strikke at eg lurer på å strikke eit par tjukkelabbar til han. Han er jo så glad i gå på tur, humrar ho.