Hopp til innhold

Åsnes utviklar ny type hoppski

Åsnes Ski har på oppdrag for skiforbundet utvikla ei betre og rimlegare hoppski for born. Prototypen vert testa i desse dagar.

Terje Eilertsen, Åsnes Ski.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det er til hoppbakken Norges Skiforbund no vil rekruttere fleire born og unge. Og for å klare det har dei i samarbeid med Åsnes Ski i Fjaler utvikla ein heilt ny type hoppski for born.

Skal produserast i haust

Skia som skal ut i butikkane i januar neste år vert produserte på fabrikken på Straumsnes utover hausten. Den økonomiske gevinsten er ikkje spesielt stor for fabrikken, for det skal berre produserast 500 par ski. Likevel ser dagleg leiar Terje Eilertsen at skitypen kan gje stor marknadsverdi for Åsnes Ski.

- Viss vi får ut denne hoppskia, og den vert populær, så er det klart at den kan dra med seg andre med ting og. Det vil jo sjølvsagt stå Åsnes sin logo på skia, og det vil styrke oss generelt, meiner han. 

- Unike ski

Norges Skiforbund har sett behovet for desse hoppskia i lengre tid. Ifylgje Hoppkonsulent i Norges Skiforbund, Per Elias Kalfoss, er desse skia unike.

- Skia vert mykje lettare. Vi lagar dei smalare enn det som har vore vanleg for barnehoppskia, pluss at vi lagar ein innsving som skal gjer det lettare for borna å svinge skia når dei kjem på sletta.  

- Kvifor har forbundet valt Åsnes Ski?  

- Ved å samarbeide tett med ein norsk produsent såg vi sjansen til å få til noko ganske kjapt. Og no har vi alt testa ein prototype som fungerer veldig bra.  

- Bra for hoppsporten

Det er ikkje berre Norges Skiforbund som er nøgde med dei nye hoppskia. Leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, Inge Fænn, trur nye ski er viktig for hoppsporten òg i Sogn og Fjordane.

- Det betyr veldig mykje. Hoppsporten er no på veg opp igjen, og då er det spørsmål om utstyr, og det kostar pengar. Då gjeld det å finne noko som passar lommeboka.