Hopp til innhold

Aslaug Skram (97) opplevde det dramatiske Måløyraidet

MÅLØY (NRK): 97 år gamle Aslaug Kambestad Skram opplevde at britiske styrkar storma Måløy under Måløyraidet 3. juledag i 1941.

Foto: NRK

VIDEO: I dag får Aslaug Kambestad Skram minnemedalje for innsatsen under krigen. Høyr og fortelje om opplevingane sine.

Fleire tyske soldatar vart drepne, og ikkje minst den norske motstandshelten Martin Linge.

Skram får i dag minnemedalje fordi ho frakta skadde og såra med båt til Florø. På vegen blei dei skotne etter av tyske styrkar som trudde dei var britar.

I videoen øvst i saka kan du sjå og høyre kva ho opplevde.

Måløy er plukka ut av regjeringa som ein av fire stadar i landet der frigjeringsdagen skal markerast særskild. Det blir fridomsparade, utstillingar og medaljeseremoniar for overlevande og veteranar. I tillegg kjem både marinen og folk frå forsvarsleiinga.

Bilete frå 2. verdskrig

SJÅ VIDEO: Trygve Gangsø fortel om kva han opplevde, sju år gammal. Sjå unike bilete frå krigen.

Flaggar du i dag?

Sjå bileta vi har fått. Send gjerne inn bilete av ditt flagg – til epost sf@nrk.no eller merk biletet med #nrksf på Instagram.

Flagging
Foto: Margun Ervik