Hopp til innhold

Aslak frå Florø feirar jul og nyttår på barneheimen der han vaks opp

Aslak Holmen (49) frå Florø var ein av dei første barna som kom frå krigsherja Vietnam til Norge. Denne jula er han tilbake på barneheimen han budde til han var tre år.

Aslak Holmen i Ho Chi Minh

PÅ BARNEHEIMEN: Aslak har brukt mykje tid dei siste dagane på barneheimen der han sjølv vaks opp.

Foto: Privat

Det er langt frå førjulstid i kystbyen Florø til den største byen i Vietnam, Ho Chi Minh-byen. For Aslak Holmen er reisa hit ei reise i minner.

– Det har vore eit sterkt møte med barna på barneheimen. Dei er fattige, men samtidig så har dei det godt, fortel Aslak til NRK.

Barna på Go Vap

BARNA PÅ GO VAP: Aslak og nokre av dei andre ungane som levde sine første leveår på barneheimen Go Vap.

Foto: Privat

Han skal vere i fødelandet sitt heilt til over nyttår, ikkje minst for å oppleve og samtidig forstå betre dei enorme skilnadane.

Han kom til Norge på FN-dagen, 24. oktober i 1968, som ein av dei aller første vietnamiske småbarna frå krigsherja Vietnam til Norge. Tre år gamal stod han på terskelen av sitt nye liv. Kåre og Alvdis Holmen frå Florø venta på han.

Aslak Holmen på barneheimen

NYE BAND: Aslak Holmen har knytt mange nye kontaktar under opphaldet sitt i Vietnam.

Foto: privat

Fekk ei syster på turen

Men dei tok ikkje berre han med tilbake til Florø. Ei lita jente vart ikkje henta, så då tok dei ansvar for ho også, som blei heitande Kari og blei systera til Aslak.

– Det var ikkje meininga at Kåre og Alvdis skulle ha to, men det var nokon som ikkje kom og henta barnet i Oslo. Så dei blei spurt om dei ville ha ho også, og då sa dei ja. Det blei ein lang tur med bil frå Oslo til Florø, fortel Aslak frå Vietnam.

I dag er Aslak og Kari sine foreldre gått bort, men Aslak er overtydd om at dei ville sett stor pris på at han no i vaksen alder har oppsøkt barneheimen der han budde frå han var fødd til han var tre år.

Med seg i bagasjen frå Norge har han med nye minner i form av gåver til barna som no bur på barneheimen Go Vap i 45nguyen van båo i Ho Chi Minh-byen. Mange av barna som bur der i dag er alvorleg sjuke, og forlatne av sine biologiske foreldre.

Aslak og Kari Holmen

DÅPSDAGEN: Aslak og systera Kari blir døypt i Eikefjord kyrkje etter at dei har kome frå Vietnam til Norge. Dei stolte foreldra er Kåre og Alvdis Holmen.

Foto: Privat

Tok med seg leikar frå dottera

– Med meg i bagasjen har eg om lag tjue kosedyr og nokre små vesker som eg også skal gje til gatebarn. Alle leikene eg har med har mi eiga dotter, Amanda, gjeve vekk slik at dei no kjem til gode for andre barn.

Venene og familien heime i Florø synest det er flott og bra at Aslak har vald å tilbringe jula tusenvis av kilometer heimanfrå. Han har leigd moped og bur på eit billig rom han. Han ønskjer ikkje å dra til Vietnam og bu på luksushotell.

– Når eg reiser rundt her så ser eg kor sterke kjensler folk framleis har for krigen som herja her. Folk jobbar frå dag til dag, sit ved sine små gatekjøken og prøver å selje det vesle dei har. Bur på små rom og byter på å sove. Det er sterke inntrykk, fortel Aslak.

Blei funnen på trappa

NRK sette tidlegare i haust fokus på dei første gruppene med barn som kom frå Vietnam til Norge. Mange av barna kom frå den same barneheimen, og i ettertid blei det stilt spørsmål ved intensjonane til dei som stod bak transporten av barn til Norge.

Men Aslak, Kari og dei andre barna var heilt uvitande om den politiske striden i Norge. For dei var Norge ei trygg hamn, og starten på eit godt liv i trygge heimar.

– Vi som budde på Go Vap blei funne utanfor på trappa. Eg har aldri funne mine biologiske foreldre. Det er synd, men slik blei livet. Eg var ein av dei heldige som fekk kome til Norge. Eg vil for alltid vere takksam for at eg fekk vakse opp i Florø med mor, far og alle gode vener eg har, slår Aslak fast.

20. oktober 1968 landet et helt spesielt fly på Fornebu. Om bord var små krigsskadde barn som var hentet ut fra Vietnamkrigen av norske antikommunistiske ungdomspolitikere. Det var 69 foreldreløse barn, sulteforet på nærkontakt, og de ble adoptert av norske foreldre som ville hjelpe. Vi følger de voksne vietnambarna på reisen tilbake til et hjemland de ikke kjenner.