NRK Meny
Normal

ASKVOLL: Kjempeval for Høgre og Melvær

Resultata frå Askvoll er klare og innbyggjarane har gjeve eit stort tillitsvotum til sittande Høgre-ordførar Frida Melvær.

Frida Melvær

TO EKSTRA: Høgre får to ekstra representantar i kommunestyret etter valet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

Vallogo

Resultata viser at Melvær og Høgre går fram frå 29,8 prosent for fire år sidan til 37,8 i år. Det gir to ekstra kommunestyrerepresentantar.

– Alle detaljane er ikkje klare, men vi ser ut til å gjere eit kjempeval. Det følest veldig godt, eg har vore veldig spent på dette valet. Tillitserklæringa frå folket i Askvoll er veldig rørande. Det er godt å sjå at det vi har gjort i fire år har vorte sett pris på, seier Melvær.

Her kan du lese alle resultata frå Askvoll, og her kan du sjå valsendinga til NRK og finne resultat frå alle kommunar etter kvart som dei blir klare.

Kan ha teke KrF sine mandat

KRF stiller ikkje liste og mister dermed sine to representantar. Det kan sjå ut som det er desse to Høgre har vunne.

For elles er den einaste endringa i representasjon på venstresida: Ap mister ein representant i kommunestyret, medan SV – som ikkje var representert i førre periode – får ein person inn i kommunestyret.

– Det er berre 95 prosent av røystene, så vi håpar i det lengste at dei siste stemmene og personstemmer skal gje oss det mandatet tilbake. Det er veldig små marginar og nokre få stemmer kan skille, seier Terje Bjånes, førstekandidaten til Arbeidarpartiet.

Trur ikkje gruvesaka har gjort utslag

Gruvesaka har vore eitt hett tema også i Askvoll, kommunen som ligg langs Førdefjorden og tvers over fjorden frå det planlagde gruveprosjektet i Engebøfjellet.

Venstre sin førstekandidat Gunnar Osland må sjå partiet sitt får om lag ein prosent lågare oppslutning med 23,1 prosent. Likevel ser partiet ut til å halde på sine fem representantar i kommunestyret.

– Vi er ikkje heilt nøgde. Vi hadde håpa på eit betre resultat. Vi er nest størst og det er bra. Og vi held mandata, det er viktig. Totalt sett er det på det jamne og på same nivå som dei to siste vala. Det blir spanande å sjå på fintellinga og personstemmene, seier Osland.

Venstremannen og deponimotstandaren tvilar på at gruvesaka har hatt effekt på valet.

– Nokre har nok stemt med tanke på det, men det er vanskeleg å seie noko om kva effekt det har hatt. Eg trur ikkje det har vore avgjerande.

Det trur heller ikkje ordføraren.

– Det ser ikkje ut til at den saka har vegd tyngst.

– Viss han har vegd i ein retning, har han vegd til fordel for dykk som er tilhengarar?

– No veit ikkje eg kva folk har lagt vekt på når dei har stemt, men det ser ikkje ut som gruvesaka har gjort store utslag, seier Melvær-

Vegopning på Bergum i Førde kommune