Hopp til innhold

Askvoll blir den sjette kommunen som hamnar på svarteliste

Frå sommaren kjem seks av 26 kommunar i Sogn og Fjordane til å vere på lista over kommunar med økonomi i ubalanse. Fylkesmannen seier kommunane må bu seg på kutt.

Askvoll frå lufta

I ROBEK-REGISTERET: Askvoll blir ein av dei kommunane som må få budsjett av rekneskap godkjende av staten.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Grunnen til at vi hamnar på lista er at vi ikkje greidde å ta den siste millionen på underskotet frå 2012. Den skulle etter planen bli nedbetalt i fjor, og det greidde vi ikkje, fortel Frida Melvær i Askvoll kommune.

Frida Melvær

ORDFØRAR: Frida Melvær seier kommunen jobbar med å hente seg inn igjen.

Ho er ordføraren i kommunen som har eit underskot på 6,3 millionar kroner. Det gjer at dei hamnar på lista over kommunar som må ha statleg godkjenning av budsjettet.

Dei vil stå saman med Høyanger, Vik, Lærdal, Årdal og Bremanger i Robek-registeret. Selje kommune er også i fare for å hamne på lista sidan dei har hatt underskot de siste to åra. Men det blir ikkje klart før dei får rekneskapen til sommaren.

Samansette årsaker

Rådgjevar hjå Fylkesmannen, Kåre Træen, seier det kan vere fleire årsaker til underskota. Kommunar med gjennomsnittleg inntekt kan klare seg godt, samstundes som dei såkalla kraftkommunane med høg inntekt også kan hamne i Robek-registeret.

– Det er ikkje berre eksterne vilkår. Ein del av årsaka er òg intern organisering og leiing i kommunen, seier Træen.

Uroande situasjon

I Sogn og Fjordane har det vore om lag tre kommunar på Robek-lista i nokre år. Dei to Terra-kommunane Vik og Bremanger har vore inne ei stund, og andre kommunar har vore inn og ut av lista.

– I 2003-2004 hadde vi 15 eller 16 kommunar i Robek. Vi har hatt ein periode der vi har hatt langt færre kommunar. Men dessverre så auka vi litt igjen no, fortel Træen.

Rådgjevaren seier det får konsekvensar for tenestene til innbyggjarane.

– Det er som oftast tidlegare underskot ein må finne midlar til. Då er det innsparingar og kutt som får konsekvensar for tenestetilbodet på fleire område. Til dømes skule, barnehage, helse og omsorg kan bli råka av kutt, seier Træen.

Vil handtere pengane betre

Ordføraren i Askvoll seier administrasjonen har jobba hardt for å spare pengar. Men eit overbelegg innanfor omsorg gjorde at budsjettet ikkje kom i balanse. Kommunen jobbar no med å hente seg inn igjen.

– Vi har allereie gjort ein god del grep i 2013. Vi må få meir oversikt over pengeflyten i omsorgssektoren og sjå korleis vi kan handtere og organisere dei tenestene på ein betre måte, fortel Melvær.

–Trur de at de blir verande på lista lenge?

– Nei, vi har eit samla underskot på 2,5 millionar frå 2012 og 2013. Det er kjedeleg å hamne på ei slik lista, men summen er ikkje større enn at vi skal klare å handtere det.

– Målet mitt er at kommunen skal vere ute av registeret i 2015, fortel ordføraren.