NRK Meny
Normal

Askvoll mistar både bil- og båtambulansen

FØRDE (NRK) Bilambulansen i Askvoll blir flytta til ny ambulansestasjon i Dale og båtambulansen blir erstatta med ny båt i Solund og taxibåt lokalt.

Styret i Helse Førde

VEDTAK: Styret i Helse Førde har gjort vedtak.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det er klart etter at styret i Helse Førde i dag vedtok framlegget frå administrasjonen.

– Eg er tom for ord. Dette var eit av dei verste scenarioa som kunne skje for Askvoll. Det set heile beredskapen vår i ein heilt ekstraordinær situasjon. Eg er usikker på tryggleiken for dei som bur på øyane våre. Eg er oppriktig lei meg for vedtaket som er gjort, seier ordførar Frida Melvær til NRK.

Det var knytt stor spenning til kva styret i helseføretaket ville vedta etter at administrerande direktør Jon Bolstad gjorde framlegg om å flytte bilambulansen i Askvoll til ein ny, felles ambulansestasjon i Dale, som skal ha døgnvakt, og dekke både Fjaler og Askvoll.

Mest spenning var det knytt til båtambulansen. Administrasjonen i Helse Førde føreslo å kjøpe inn ein større og meir moderne ambulansebåt stasjonert i Solund som skal dekke både Solund og Askvoll.

To alternativ

Men dette kom med to alternativ. Det eine var å supplere ny båt med kjøp av taxibåtteneste i Askvoll, eller supplere med samfunnsbåt brukt som ambulansebåt.

Kjøp av taxibåttenester vart avvist som uakseptabelt av både ordførar Frida Melvær og av lokalsamfunna i Værlandet og Bulandet. Sistnemnde ynsker at Askvoll får behalde ambulansebåten som i dag.

Men styret i Helse Førde har no vedteke at bilambulansen i Askvoll blir flytta til Dale og at båtambulansen blir erstatta med taxibåt.

Styret vedtok også eit tillegg der dei ber administrasjonen sjå på heile det prehospitale tenestetilbodet – altså ambulansetenestene – til Helse Førde.

Frida Melvær

SISTE RAD: Ordførar Frida Melvær i Askvoll fylgde med frå tilhøyrarbenk. Her i samtale med Kjell Vilnes frå Atløy.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ordførar gjekk ut

Ordførar Frida Melvær reiste seg og gjekk frå møtet berre sekund etter at vedtaket var eit faktum.

Ho trur ikkje på forsikringane til administrasjon i Helse Førde om at den nye båten i Solund vil nå øyane i Askvoll raskare enn i dag, sjølv i dårleg vær.

– Vi veit kva slags havstykke denne båten skal gå over. Og vi veit at den ikkje kan gå i maksfart i den type farvatn som Buefjorden representerer. Totalberedskapen for Askvoll kommune vil bli ein enorm utfordring frametter, seier Melvær.

Frida Melvær og Agnes Landstad

ALVORSPRAT: Ordførar Frida Melvær og styreleiar Agnes Landstad under ein pause.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Sjølv frå øy

Ho er sjølv er frå ei øy i Askvoll kommune og veit godt korleis det er å vere pasient og korleis det er å vere pårørande i krevjande situasjonar.

– Eg finn dette vedtaket så uakseptabelt som det kan bli. Eg trudde faktisk ikkje at dette skulle bli utfallet. Vi håpte på samfunnsbåt, for då kunne vi halde oppe helseberedskapen og generell beredskap som i dag.

Ordføraren meiner Askvoll no er i ein fortvila situasjon, men forsikrar at kommunen skal klore seg fast, sjølv om Helse Førde ikkje viser vilje til det.

Ambulansebåt Askvoll

NY: Ambulansebåten i Askvoll blir borte og erstatta med ein større stasjonert i Solund.

– Så kva vil skje framover?

– Vi blir nøydd til å ta ein gjennomgang av planverket innan beredskap. Vi må finne ut korleis vi best kan ta vare på folk.

– Same prosess har skjedd på Helgelandskysten. Helse Førde seier at dei nye båtane fungerer greitt der. Trur du dette kan gå seg til også i Askvoll?

– Det vil vise seg. Og så håpar eg at Helse Førde er klar til å ta ansvaret viss det ikkje går seg til. Eg føler veldig at Helse Førde ikkje har vore villig til å høyre på oss. Kvar gong vi har prøvd å kome med argument, blir vi møtt med at det vi kjem med er kjenslestyrt, og ikkje fakta.

– Men vi veit kva område Askvoll har av land og sjø og kva slags beredskap som vi i lag skal yte. Det er ikkje blitt teke omsyn til, seier Melvær.

Helge Robert Midtbø

ORIENTERTE: Direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde, Helge Robert Midtbø.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Styreleiar nøgd

– Dette er eit vedtak der vi legg opp til ein moderne hurtiggåande båt frå Solund som har kortare mobiliseringstid (frå alarmen går til personell er i båten, red. merkn.).

– I dag er den på 25 minuttar. I den nye båten skal dei mobilisere på 10 minuttar. Den vil dekke eit større område, ha eit anna mannskap og andre fasilitetar om bord enn dagens båt, seier fungerande styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde.

– Men ordføraren i Askvoll beskriv vedtaket som nærast katastrofalt?

– Det tenker eg ikkje at det er. Her er det gjort grundige utgreiingar over kva som er gode løysingar for folk i dette området.

Kva er det med vedtaket som gjer det til ei god løysing?

– Det blir ikkje eit identisk tilbod som i dag. Bilambulansetenesta blir samla i Dale med til stades-vakt på to bilar, og høve til å vidareutvikle kompetansen.

– Kor mykje vil endringa koste?

– Bilambulansen vil auke med fire millionar kroner. Båtambulansen vil ut på anbod så der er tala foreløpig uvisse. Men vi veit at alle løysingane som låg til grunn i dag, blir meir kostbare enn dagens tenester, seier Landstad.

Det er ikkje klart når dei nye ambulanseordningane i Solund, Askvoll og Fjaler vil vere i drift.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.