NRK Meny
Normal

Politikarane i Askvoll seier ja til gruvedrift i Naustdal

Kommunstyret i Askvoll seier ja til dei omstridde gruveplanane med fjorddeponi i Førdefjorden.

Askvoll-ordførar Aud Kari Steinsland og IVar S. Fossum i Nordic Mining

TEK AVGJER: Askvoll-ordførar Aud Kari Steinsland og dei andre politikarane i kommunestyret skal avgjere gruvesaka i dag. Til høgre Ivar S. Fossum i Nordic Mining.

Foto: Bård Siem / NRK (MMS)

SISTE (1430): Askvoll kommune har bestemt seg. Dei går for gruveutbygging i Engebøfjellet i Naustdal. Saka vart avgjort med 14 stemmer for og ni stemmer imot. Vestre sine sju representantar stemde imot, det same gjorde Krf sin representant. Ein av Arbeiderpartiet sine representantar braut ut frå resten av partigruppa og stemde imot gruveprosjektet.

I går kveld gjekk Naustdal kommune inn for planane som vil innebere store naturinngrep men også 170 arbeidsplassar og skatteinntekter.

– Viktig å satse på utvikling

Ein av dei som stemde for var ordførar Aud Kari Steinsland (Ap).

Kvifor er du for det omstridde gruveprosjektet?

– Eg er for denne saka etter ei lang reise som har svinga mellom tvil og tru. Men no har eg bestemt meg for at eg vil stemme for, fordi det er viktig å satse på utvikling i regionen.

Vil dumpe hundrevis av tonn i fjorden

Nordic Mining vil starte gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal kommune. For å kunne utvinne det verdifulle mineralet rutil må selskapet dumpe mange hundre tonn steinmasse i Førdefjorden i 50 år framover.

Saka vart i kommunestyret i Naustdal avgjort med 17 mot fire røyster. Askvoll kommune avgjer i løpet av dagen kva dei meiner om saka.

– Gruvedrift er viktig for kommunen fordi den er viktig for regionen. Og då vil det tilflyte aktivitet og næringsutvikling i vår kommune også, seier Steinsland.

– Men det er snakk om å dumpe store mengder stein i fjorden. Er ikkje dette til ulemper for miljøet?

– Det er klart at eit så stort inngrep vil setje spor etter seg. Det kan ingen underslå. Vi veit at skal mykje stein i fjorden, men eg har tiltru til prosjektet.

Administrerande direktør Ivar S. Fossum i Nordic Mining var på møtet. Han seier til NRK.no at han er nøgd med utfallet i kommunestyret i Askvoll.

– Dette er eit fornuftig og framtidsretta vedtak, seier Fossum til NRK.no.

NRK Sogn og Fjordane er på møtet og dekkjer det både på radio og internett.

Vegopning på Bergum i Førde kommune