Hopp til innhold

Askvoll inn i Robek

Askvoll er meldt inn i Robek og lagt under statleg kontroll. Det melder Fylkesmannen. Bakgrunnen er at kommunen både i 2012 og 2013 har brukt meir pengar enn dei har, og ikkje klart å dekke dette inn i år. Kommunen har no eit samla underskot på 6,3 millionar kroner. Også Høyanger, Vik, Lærdal, Årdal, Bremanger og Selje er sett under statleg kontroll.