Hopp til innhold

Askvoll har fått to stortingsrepresentantar

Med sine 3000 innbyggjarar har Askvoll kommune fått to representantar på Stortinget. Det gjer kommunen til den best representerte i landet, om ein justerer for folketal.

Frida Melvær

HYGGELEG: Frida Melvær (H) tykkje rdet er hyggeleg at det no sit to askvollingar på tinget.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det er jo veldig hyggeleg at både eg og Tore kom inn, og at vi er to representantar frå Askvoll, seier nyvald stortingsrepresentant for Høgre Frida Melvær.

Saman med Tore Storehaug (KrF) er ho ein av to stortingsrepresentantar frå den vesle kystkommunen i Sunnfjord.

– Vi har jo med kunnskap om kysten, som er verdifullt når ein skal sitje på Stortinget. Samstundes har vi ei forplikting til å sjå heile fylket, og også heile landet når vi sit på Stortinget, seier Melvær.

Bernt Aardal

TRUR IKKJE DET HAR SÅ MYKJE Å SEIE: Bernt Aardal trur ikkje kommunebakgrunn har så veldig mykje å seie for stortingsrepresentantar.

Foto: Ingvild Baltzersen Sund / NRK

Trur ikkje det har så mykje å seie

Valresultatet tyder at ein har ein stortingsrepresentant for kvar 1532 askvolling. Til samanlikning står det litt meir enn 35 000 osloborgarar bak kvar av dei 19 stortingsrepresentantane frå Oslo. Kvar av dei seks bergensarane på tinget har 46 426 innbyggjarar bak seg.

Askvol/Verlandet

GODT REPRESENTERT: Askvoll kommune er godt representert på Stortinget. Her ser vi Værlandet i Askvoll.

Foto: Anders Fongen

Men betyr det eigentleg så mykje kva kommune ein stortingsrepresentant kjem ifrå? Valforskar Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo trur ikkje det.

– Kanskje vil dei vere ekstra aktsame, og passe på å syne at dei også ser dei andre kommunane i fylket. Media vil jo vere raske med å peike på ein skeivfordeling til heimkommunen, seier professoren.

Aardal fortel at det ikkje er så veldig vanleg at ein "helsar heim" til eigen kommune når ein sit på Stortinget. Det er derimot veldig vanleg at ein tilgodeser eige fylke og eigen landsdel.

– Det har å gjere med at ein representerer fylket, og det er her ein ønskjer attval. I andre land som USA er politikarane i større grad ombodsmenn for plassane dei kjem frå.

Balsfjorden leads to Nordkjosbotn

ENDÅ BETRE REPRESENTERT: To stortingsrepresentantar kjem ifrå Lavangen med sine 1000 innbyggjarar, men ingen av dei er busett eller folkeregistrert i kommunen.

Foto: Asbjørn Floden, Asbjørn Floden

Har ikkje planar om å gje meir til Askvoll

Tore Storehaug seier at han ikkje har store planar om å gje heimkommunen sin veldig store fordelar.

– Både eg og Frida er oppteken av ein del samferdsleprosjekt i Askvoll, men eg er også veldig glad for at vi har eit politisk system der politikarane representerer heile folket, og ikkje berre heimplassen sin.

Likevel trur 25-åringen at heimkommune har litt å seie.

– Heimstaden er jo med på å forme deg som person, så eg trur jo absolutt at det har noko å seie kor folk kjem ifrå.

Tore Storehaug fiskar

FISKARSON: Tore Storehaug er ein fiskarson frå Flokeneset i Askvoll.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ein av Noregs minste kommunar har også to

Askvoll er uvanleg godt representert på Stortinget, men det finst faktisk ein kommune som på ein måte har gjort det endå betre. Med sine 1079 innbyggjarar er Lavangen i Troms ein av dei minst folkerike i landet, og også frå her kjem det to stortingsrepresentantar. Likevel er ikkje Cecilie Myrseth eller Sandra Borch busett i heimkommunen sin, slik Storehaug og Melvær er.