Hopp til innhold

Åshild Kjelsnes toppar lista

I dag vart det klart kven som blir Arbeidarpartiet sine kandidatar til fylkestingsvalet i 2015. Sjå heile lista her!

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

PÅ TOPP: Åshild Kjelsnes toppar Arbeidarpartiet si liste over kandidatar til neste fylkestingsval.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Sogn og Fjordane Arbeidarparti hadde i dag nominasjonsmøte på Skei. Der skulle det stemmast over kven som skal fronte paritet ved neste fylkestingsval.

– Eg takkar for tilliten og gler meg til å leie Arbeidarpartiet i valkampen til hausten saman med resten av teamet som er sett saman på lista, seier Kjelsnes, etter at det vart klart at ho gjekk til topps i nominasjonen.

Tøffe tak for fylkeskommunen

Forutan den noverande fylkesordføraren, vart dei tre øvste plassane kapra av fylkesleiar i Ap Hilmar Høl frå Årdal og Helen Hjertaas frå Vågsøy.

AUF-kandidaten, Torbjørn Vereide frå Gloppen, tok fjerdeplassen.

Kjelsnes seier ho ikkje har mista motivasjonen av å leie eit fylke i økonomisk krise og som må tole tøffe kutt i åra som kjem.

– Nei, snarare tvert imot. Det er eit kjempeansvar å kjempe for fylket sine interesser og eg føler at vi står midt oppi så mange tøffe prosessar, at eg er veldig glad for å kunne få lov til å følge det vidare, seier ho.

Her er heile lista:

1. Åshild Kjelsnes, Flora
2. Hilmar Høl, Årdal
3. Helen Hjertaas, Vågsøy
4. Torbjørn Vereide, AUF
5. Harald Bjarte Reite, Førde
6. Karianne Torvanger, Flora
7. Henrik Oppen, Høyanger
8. Odd Atle Stegegjerdet, Luster
9. Senea Sabanovic, Sogndal
10. Marie Helen Brandsdal, Årdal
11. Arve Helle, Fjaler
12. Siri Sandvik, Eid
13. Stig Ove Ølmheim, Sogndal
14. Ragnhild Sæle, Jølster
15. Helge Robert Midtbø, Førde
16. Rita Ørnehaug, Hyllestad
17. Per Egil Hellebust, Selje
18. Linda Landøy, Askvoll
19. Bjørnar Førde, Bremanger
20. Kristin Sagerøy Råsberg, Høyanger
21. Håkon Myrvang, Naustdal
22. Rebecka Fedøy Randal, AUF
23. Harald Offerdal, Balestrand
24. Solveig Willis, Flora
25. Stig Tveit, Jølster
26. Alice Beate Holm, Bremanger
27. Jon Håkon Odd, Leikanger
28. Aud Østerbø, Førde
29. Jan Inge Buene, Årdal
30. Hildegunn Skår, Stryn
31. Tage Grønvold, Høyanger
32. Eli Hansen Moen, Luster
33. Ola Teigen, Flora
34. Anita Eide Kvamme, Gaular
35. Lena Haveland, Førde
36. Leif Arne Refvik, Vågsøy
37. Nina Yndestad, Fjaler
38. Anders Lien, Askvoll
39. Arvid Stenehjem, Sogndal
40. Inger Bakken, Lærdal
41. Jarle Øen, Førde