Hopp til innhold

Åse sin depresjon blir pensum

Åse Skjølberg har hatt fleire periodar med depresjon. No bidreg ho til ei lærebok om krisene som kan oppstå i livet, og kva dei gjer med oss.

Åse Skjølberg

VIKTIG BIDRAG: Erfaringane til Åse Skjølberg er verdifulle når studentar innan helse- og sosialfag skal lære om psykisk helse. Ho er glad for at det vanskelegaste ho har opplevd kan bli brukt til noko bra.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ei ny lærebok frå nokre av landets fremste fagfolk innan psykisk helse prøver å finne svaret på korleis vi taklar livets store og små kriser, og korleis helsevesenet kan hjelpe oss med dette.

Åse Skjølberg frå Måløy har bidrege til denne boka, og har vore open om sine psykiske utfordringar.

– Dette er noko eg brenn for. Kriser og utfordringar er ein del av livet som alle møter på, og noko ein kjem gjennom. Om ikkje uskadd, så kjem ein vidare.

Ho trur at ein kan komme sterkare ut av det – og gladare.

– Eg har hatt mine periodar med djupe depresjonar, men eg trur at eg har blitt eit gladare menneske etter det.

Lærebok

Frå ho var ganske ung har Åse Skjølberg hatt periodar med depresjon. Saman med Kjell Underlid, Kari Dyregrov og Frode Thuen har ho bidrege til ei lærebok om dette, som er retta mot studentar i helse- og sosialfagutdanningar.

– Vi ser på alle dei krisene som kan oppstå i livet og kva dei gjer med oss. Kva det utløyser av psykososialt stress og kjensler, sorg og tap. Og vi ser på menneske si eiga evne til å meistre desse tinga, både ved eiga hjelp, og med hjelp frå helsevesenet.

Ho har arbeidd med ein del av boka som handlar om kva folk som opplever alvorleg psykisk sjukdom kan gjere sjølve.

– Eg har skrive mo korleis ein kan leve gode liv trass i dei smertene og plagene som alvorlege psykiske lidingar kan føre til.

– Min dritt kan bli brukt til noko bra

Ho meiner det er viktig at hennar personlege erfaringar er med i arbeidet som skal undervise studentar i psykisk helse.

– Det er livet vi snakkar om. Alt dette her er delar av livet, så eg synest det er fint at min dritt kan bli brukt til noko bra. Det vanskelegaste, mest krevjande eg har opplevd kan faktisk bli brukt til noko meiningsfullt.

Delar av det Skjølberg har bidrege med, skreiv ho medan ho sjølv var veldig sjuk, og innlagd.

– Då skreiv eg dagbok om mi reise, dei månadane der, om korleis eg jobba meg tilbake til nokon eg kjende att.

Ho synest ikkje det treng å vere så stakkarsleg og skummelt å ha med psykiske lidingar å gjere.

– Det ein sjuk person treng er det same som elles i livet – å ha folk rundt seg, å elske og å bli elska.